Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Soge um Jakob og Sønine hana var vel den fyrste
Romanen min. Dertil hadde eg fengi Tak paa eit Utval av
Sogune i Tusund og ei Natt; det laag eg og las i her i
Turkhuse. Tusund og ei Natt i Kvernhusmyri! — No
er det berre so vidt ein ser kvar Kvednhuso hev stadi.
Utanfor Kvernhusmyri er Marki hans Andriss; der er
au Kverni hans Tønes og Aasmund. No skulde Kvernar
og Kvernhus vera fredelege Ting, der i det høgste ein
Nykk eller ein Fossekall kunde valde Uro ender og daa.
Men i mi Tid spøkte det Sakførarar her ut-ikring
Kver-nadammane. Me hadde Sak paa Garborg um eit halvt
Kverna vatn i seks Aar. Mest heile Garden var med;
Tønes, Aasmund og Far paa den eine Sida, Andriss
aaleine paa den andre.
Det var møte etter Møte. Paa Tingi og heime; eit
Par av desse Møti, med Vitneførsle og Sverjing, hugsar
eg. Det galdt um ein Kverndam. Eller rettare um den
Aa-Stemmen som førde Vatne inn i Dammen. Stemmen
hadde stadi der han stod i minnelaus Tid. Og hadde vori
bøtt naar det turvtest. No hadde det turvst paa nytt;
og so hadde dei bøtt han. Men han Andriss, som hadde
sin Stem og Dam nedanfyri, han fann at Grannane
hadde bøtt Stemmen for godt. So at no fekk han mindre
Kvednavatn enn han fyrr hadde havt. Men dette var i
Strid med 5—11—7 i Lovi, meinte ’n Andriss. Og so
stemnde han Grannane.
Desse meinte at dei berre hadde nytta gamall Rett.
Stemmen hadde vori um Lag som no alltid, og heller
høgare. Naar han Andriss ikkje kunde mala so lengi
som fyrr, so kom det av at han ikkje heldt sin eigin
Stem i Stand skikkeleg.
Vitne hadde dei paa baae Sidur. Litande, ærlege Folk.
Dei som han Andriss kom med vitna imot oss; og dei
Stem: «Dæmning».
176
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>