Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
som me kom med vitna imot han Andriss. Det drog ut
og drog ut. Saki vart utsett og utsett; Sakførarar skifte.
Leide Sogur og Drøsur gjekk; Mistruir og Mistankar
kom upp; Grannelive paa Garden vart skjemt og skipia.
Domen, som kom i 1859, gjekk ut paa, at Tønes og
Aasmund og Far hadde bøtt Stemmen vel godt, og at dei
no skulde gjera eit Hol i Botnen paa ’n. Dertil skulde
dei bøte 60 Dalar til ’n Andriss; denne skulde likevel
hjelpe til med Arbeide paa Stem-Gluggen.
No er der ingin som mel paa Garborg lenger. Og heile
den store Saki um det halve Kvednavatne er i
Riksarkive.
Rett som det er sit eg og sturer yvi det at Vollen her,
med Kvernhushagen og alt, er fraaskild Heimegarden.
So at denne no ikkje er stort meir enn Helvti so stor
som fyrr. Kva skulde det skilja meg, som ikkje hev
noko med Garden aa gjera lenger? Men eg fær det ikkje
fraa meg. Eg duger visst ikkje til aa vera aaleine i
Dag. Heller til Gards att og sjaa aa finne Kjenningar!
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>