Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
dei tvo Aplane fraa mi Tid. Med Hagen hans Sven er
det endaa verre; dei mange vene Aplane som der stod
og blømde og bar so rikt kvart Aar, dei er burte alle.
Like til den gilde «Glaseple»-Apalen som narra meg til
aa stela so ender og Gong. Minst kjenner eg meg att
nord-hjaa han Tønes. Det høge nye Huse, som hev
vendt seg austyvi, i Staden for at det gamle vende
vest-yvi, snur allting rundt for meg. Eg maa snu meg sjølv
rundt, og glo att og fram, fyrr eg finn mine gamle
Inn-siglings-Merke.
Men Eigaren, han Unge-Sven, kjenner eg att. Han er
sin same, med alle dei Aari han hev lagt paa seg. Paa
sin greide godslege Maate tek han imot meg som me
skulde ha funnist igaar sist. Og eg er heime i dei nye
Husi mest med same.
Mykje hjelpte det i so Maate, at eg inne i Stogo fann
att den gamle «Omnen hans Tønes»; den var meg reint
som ei Barndoms-Helsing. Ikkje var det gali alt det som
nytt var heller. Um Husi hadde snutt seg, so hadde dei
snutt seg rett; dei hadde fengi Utsyn, og det ei ven
Utsyn. Ikkje burt-i eit gamalt Steingjerde saag me no;
me saag til Fjells; der eg endaa fekk augnefest Stogo
mi eigjo. Framfyri oss laag den høge vene
Mossige-Garden, der Husi hans gamle Ingjebrett Mossige lyste
kvite og gilde midt i Bakken med si lange blanke
Vin-daug-Rad.
Me kom i Drøs um gamalt og nytt. Mangt og mykje
fekk eg Greide paa som var umskift etter mi Tid; og eg
freista aa finne meg til rettes i alt som var nytt, um det
no ikkje var etter mitt Hovud alltid. Sidan rusla han
Sven og eg ned-til han Aadne ’ans Eivind skulde vori,
eller til dei Husi som nok hev vori bygde aat meg fraa
fyrste Tid.
So sit eg daa der paa mi gamle Tuve.
178
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>