- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VIII. For seint ute. Kolbotnbrev. Knudaheibrev. Ei finneferd /
179

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Eit og anna er nytt for meg her med. Soleis
Stogu-Omnen; den kjenner eg ikkje att. Men snart finn eg
fram det eg kjenner, og læt daa det andre vera for det
det er. Snart er eg so heime som ein kann vera i ein
burtkomin Barneheim.

Heilt kjenner ein seg vel aldri att, naar det er so lengi
imillom. Ja i Grunnen vil alt hava skift. For meg var
serleg alt so uventande mykje mindre. Men so var det
no det same likevel. Det er berre ein sjølv som hev
vorti annarleis.

Der framanfor Omnen sat han Farfar fyrr, og saug
paa ei Krittpipe som der sjeldan var noko i; der var det
au at eg lærde lesa. Burtved Benken, attunder
Vindauga, laag eg sidan paa Kne og høyrde alle dei lange
Bønine. Ved det andre Vindauga, burtimot Bokhylla,
stod han Far um Sundagen og las Tekstane. Og her,
inn-imot Sengi, stod Vogga der den minste sov. Attmed
den sat ho Mor i Ryggstolen sin og høyrde Preika. Men
att-um henne, paa ein Skammel eller mindre Stol, sat
ho Stine, Syster mi, og sov, so eg missunte henne
hjarteleg. Aa; heile Barndomslive mitt kunde eg liva
upp-att her.

Kona i Huse, ho Anna, kjenner eg fraa Barne-Aari;
ho er greid og beintfram som ho fyrr var, og minner
meg um so mykje gildt og gamalt. Mannen i Huse er ein
Skulekjenning; han var fraa Grannekrinsen; eg hugsar
’n godt. Det er ein stillfarande, roleg Mann, og han skal
ikkje vera sterk1; men klok og greid er han, og me’kjem
godt til Lags. Og her er alt ein ny Ungdom i Uppvokstr.
Eg tykkjest snart vera kjend med den au. Endaa det er
den som mest minner meg um, at eg no berre er
«Fremmane», — ein Ferdakar paa Gjesting i Heimehuse sitt.

Me sit og røder, um gamle Dagar og um nyare. Meir

1 Døydde i Vaar. (Merknad 1904.)

179

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:51:55 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/8-1944/0181.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free