Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
og meir kjem eg som i Draum; det vil ikkje rett hange
ihop for meg dette. Minne vaknar for meg i Krok og
Kraa, ved Vegg og Stokk og paa kvar den Tile Fjøl;
gjekk eg ut i Kammerse der, fann eg visst den gamle
raudmaala Sengi mi enno. Og paa dei pappdragne
Veg-gine i det vesle Kammerse hans Farfar fann eg vel au
dei Salmane eg der skreiv upp, og som eg meinte skulde
gjera meg til ein ny Kingo. Men dette at her hev vorti
so smaatt... Var her ikkje større ? Heile min lange
underlege Barndom, med dei mange Paafund og
endelause Draumar, um Kongerike og Keisardøme og
Klok-karpostar og Pavekronur og Diktarkransar og
Lykte-mannsljos og alt som utrulegt var — kunde den faa
Rom her? Og det godt Rom, ikkje rettare eg hugsar?
Ja Verdi er forunderleg.
—- Dei bad meg ut i Buo, der Kaffi og Mat var sett
fram. Buo maa vera større, tenkjer eg, og ser meg
ikring daa eg kjem der ut. Den er endaa mindre. Mykje
mindre. Kann det hange rett ihop. Det er meir
ukjen-nelegt au her enn inne. Skatoli til Far og Mor og
Farbror er burte, og Kistur og ein Kommode er komne i
Staden; paa Veggine er ukjende Bilæte; og Golve er so
urimeleg trongt. Men daa eg fær sett meg til Rettes og
er komin i Lag, so vert det no den gamla Buo likevel
daa. Og der ut-i det vesle Bua-Kammerse, der var det
han Farfar laag Lik. Men her inne stod han Farbror
ved Hyvlabenken og arbeidde Kista. Den andre Kista
... den arbeide han vel au her. Og mi; kor lengi kann
det vara fyrr han lyt til med den — naah.
Meir og meir kjem eg inn i alt dette som er mitt; og
denne uvedkomande framande Byfyren med det rare
Namne og alt hans Papper og Blekk, han glid unna for
meg som ein Skugge. Som eit Bilæte; noko som høyrer
heime millom dei andre Barnedraumane. Han Aadne
180
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>