Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
’ans Eivind er det som sit her og fær seg Mat, og
snakkar med ’enna Anna ’ans Tønes og ’an Jens Lende...
Og likevel er eg ein framand som høyrer og segjer
nokre velmeinte Ord og dermed maa ut att. Dette
«heime», er det til Slutt anna enn ein Draum? Og denne
«eg sjølv», e r det han Aadne ’ans Eivind med hans
Barnedraumar, eller er det den andre med hans
Papper og Blekk? —
— So kom den Stundi daa eg laut takke for i Dag og
segja nytt Farvel til Barneheimen.
m.
Du Steinar!
Knudaheio 10. 9. 1900.
Eg kjem nordantil denne Gongen. Fraa Kolbotnen
gjenom Foldalen yvi Dovre og Lesja til Romsdalen, og
derifraa til Sogn; og so sør-yvi.
Det var ei Herreferd. Di meir ein ser av dette Lande,
di kautare vert ein for ein kann kalle det sitt. Eg veit
ikkje kva som er gildast: det byrge, breide, stormegtige
Upplande aust og nord, eller det urolege, mangeleis
skiftande Vestlande: stundom trongt, krapt, villt, og so
braafagert, draumvent, stigande av Hav i den høge Luft
som eit blaatt, forvillande Æventyr. Og all Stad er der
noko nytt. Alltid er der noko du aldri hev sét fyrr.
Nordvestlande saag eg fyrste Gongen no; det daara meg
stundom reint. Draumtryllt stana eg meir enn ein Stad:
her var Bustad og Borg for ein norsk Konge! —
— No skal eg Landevegen aust-yvi att. Kor langt det
no vert. Eg freistar Vegar og Framkjømdir, ser du, vil
sjaa um eg kann faa det stuttare millom Gardane mine
enn det er. Og serleg um eg kann koma undan Turisten.
Men Norig er endelaust kvar ein kjem. Og meir og meir
turist-éti.
12 — Garborg VIII.
181
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>