- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VIII. For seint ute. Kolbotnbrev. Knudaheibrev. Ei finneferd /
182

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

I Gaarmorgo vakna eg i Stavanger. Mitt gamle
Jerusalem. Med Temple; og med Valberg-Taarne til Sion;
og med Breiavatne, som visst til sine Tidir var Betesda
Dam. Og med mykje rart som ikkje var fraa
Bibelen, som Kongsgaard, og Kongsgaardhagen, og Torjo,
og Habnen med Baatar og Skip, og Thesen, og Skansen,
og Østervaag, og Kjeringholmen, og Jorineholmen, og
Spisskortero, og tri Bokhandlarar, og han Hans Bø, og
alt som gildt var. Eg vart elles leid av Stavanger paa
Resten, og drøymde um det som gildare var: Christiania.
Med Ch. Sjaa Christiania og døy, knurra det i meg, um
eg aldri so lite trudde at eg skulde faa sjaa Kristiania.
No hev eg sét det. Men eg døydde ikkje. Vart berre
etterkvart meir leid av Kristiania enn eg nokon Gong
hadde vori av Stavanger. So no kunde det høve seg rett
godt aa sjaa Stavanger att.

Byen hev grunnlagt seg sjølv, veit du.

Paa Olav Kyrre si Tid var han komin so langt at han
vert nemnd; og Sigurd Jorsalfar gjorde han til
Bispestol og bygde Domkyrkja. I Dansketidi bar det ned-yvi
med Stavanger som med alt; etter ei Folketeljing 1664
skal Byen daa ha havt berre 373 Borgarar. Denne
Nedgangen vart sidan nytta til Bate for Kristianssand, det
daudfødde Barne hans Kristian IV; baade Bisp og
Stiftamtmann og Latinskule vart flutte dit; og noko etter
vart sjølve «Stavangers Kjøbstadsprivilegier»
«allernaadigst ophævede»; fraa 1686 av skulde den fyrre
Bispestaden vera «Ladested».

Dette siste viste seg snart aa vera so
oldenborgar-uklokt, at det 4 Aar etter allernaadigst vart gjort um
att; men knappe Vilkaar var det Stavanger fekk no. Og

Torjo: Torge. — Thesen: kjend Kaupmann i mi Tid.
— H a n s B ø: Kjenning og Skylding; der «loserte» me, naar
me var i Byen.

182

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:51:55 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/8-1944/0184.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free