- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VIII. For seint ute. Kolbotnbrev. Knudaheibrev. Ei finneferd /
183

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Armodi voks. Fiskje minka av, og daa like eins
Handelen ; nye Næringsvegar kom ikkje upp; men Brand etter
Brand herja den vesle Trebyen. I 1711 hadde han i alt
184 Mann som svara Skatt; og Folketale heldt paa med
aa minke.

Sidan hev alt skift; Stavanger er heiltupp ein Storby
no mot det han daa var. Det er ikkje Fiskje som hev
komi seg upp att; men Sjøferd og Handel og i seinare
Aar Verksdrift hev arbeidt seg fram; og no er
Jønn-vegen komin attaat; berre sidan mi Tid hev Byen
vaksi so, at eg mange Stadir ikkje kjenner meg att
lenger.

Det eg fyrst tenkte paa var Breiavatne og Domkyrkja.
Og tenk, dei var til baae tvo. Breiavatne med. Det hadde
minka; og dei gamle rare Bergknausane paa Austsida
var burte; Samtidi, d. e. Jønnvegen, hadde kravt sitt.
Som eg hev skrivi um fyrr ein Gong, og det paa
Gudsord1. Men det som Stavangerbladi ein Gong hadde klunka
paa: at Breiavatne (»Bredevandet») skulde bli fyllt og
utjamna til Spantegang og Svingerom aat Byfolke,
hadde dei ikkje fengi fram, som vel var. Og Domkyrkja
tek seg betre ut enn fyrr. Ho er ikkje innebygd som i mi
Tid; og Korveggen er reinska for den fæle gamle
Kalk-smyrja. Det fagre bilætprydde Kor-Glase som
Gate-Ungane fyrr bruka til Skjoteskivu naar dei var ute og
kasta Stein, er sett istand att; Stavanger hev her gjort
eit Arbeid som det hev Ære av.

Eg stansa framfor Korveggen. Det liksom vakna i
meg; eg trur mest eg las ei Bøn. Der er i desse gamle
Byggverk ei Magt som me ikkje skynar no. Det er som
Æveheimen sjølv gjenom deim stig fram; ein bøygjer
seg naar ein ser deim. Hugmjuk og aalvorsfull gløymde

spante: spadsere (stolteleg).

1 «Fra det mørke Fastland», Kr.ia 1863.

183

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:51:55 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/8-1944/0185.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free