- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VIII. For seint ute. Kolbotnbrev. Knudaheibrev. Ei finneferd /
184

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

eg alle mine Kvardagstankar; og daa Orga tok til aa
bruse, hugsa eg at det var Sundag og gjekk inn.

Men eg kolna der inne. Det var «restaurera». Og
den gamle katolske Bispekyrkja var «restaurera» paa
protestantiskt. Paa Stavanger-protestantiskt. Eg kjende
kje Kyrkja att. I mine Barndomsminne var ho so reint
annarleis. Glans som i Salomons Tempel; Gull og
Fargar; himilblaatt, blomsterkvitt, blodraudt; rare, lysande
Bilæte; Utskjeringar, barnsleg Draum: Andlit, Fuglar,
Hjul, Skip; Mystik fraa Profetar og Openberring; ikkje
rett teikna visst; sümt stygt kannhende; men Glans,
Glede, Einfelde var der; ikkje dette stive, myrkje; ikkje
denne Synagoge-Aand. Eg fraus der eg sat. Berre svart,
stavangerleg Lutherdom. Og svarte protestantiske.
Kyrkjestolar fraa øvst til nedst. Dei vil sitja, dei
lutherske. Paa den grundige, dugelege Enden sin. Dei som
bygde Kyrkjur som denne hev meint, at framfyri Guds
Aasyn fekk ein Mannakrok takke til um han fekk liggje
paa Kne; me vil sitja. Naa. Vaarherre finn seg i det.

I katolske Land plar Kvende og gamle Folk hava
smaae lette Utslagsstolar med seg aat Kyrkja naar dei
vil høyre Preike. Men her er mest alt Preike; og Kyrkja
maa hava sitt faste Stoleverk. Og daa
stavanger-luther-ske Preikur kann vara i Timevis, so lyt det til. Eg
segjer kje imi det. Men i denne Domkyrkja fraa Sigurd
Jorsalfars Tid... naa; for meg vilde all denne
Lutherdomen ikkje høve.

Det vart spéla, songi, preika; eg var ikkje med. Er
det kje rart: ut-i Framandland kann ein stundom kjenne
seg meir heime enn i Heimlande. Dei stille store
Kyr-kjune ned i desse ugudelege katolske Byane, Firenze,
Rom, Neapel, jamvel Paris... som ein der kann kvile,
kjenne seg rein, fri, lyft; liksom vigd; Verdi kjem burt;
ein er som i Fyrihalli til Himilrike. Men her skal ein

184

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:51:55 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/8-1944/0186.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free