- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VIII. For seint ute. Kolbotnbrev. Knudaheibrev. Ei finneferd /
185

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

sitja og høyre paa Utleggjingar av tysk Teologi og
Dundringar mot «Nutidens Vantro». Framandt, kaldt
vert det i desse Kyrkjune, jamvel um dei er fraa Sigurds
eller Olavs Tid. Aa, all denne Framanddomen! Alt
broti, sundrivi, sundhavt; alt Samanheng burte. Det er
Tid mot Tid og Brot mot Brot og framandt mot
heims-legt alt fort; me norske vert liksom meir og meir bygde
ut or Lande.

Eg høyrde nokre kjende Ord um «Tidens nedbrydende
Tendenser». Aa-ja; «nedbrydende Tendenser» er her
nok av. Eg reiste meg stilt og rusla. Daa eg kom ut
svinga eg burt-um Kore att. Og der, utanfor Kyrkja,
framfyri det storfagre Byggverke der sjølve Steinen
hev vorti Aand, i Solglansen fraa Breiavatne, under
Fuglekvitr fraa den vesle vene Parken, var eg meir i

Kyrkja enn eg hadde vori der inne.

*



So bar det paa Lande. Vest-yvi; ut Madla-Vegen.

I Madla-Sokni hev eg au eit Grand Heime-Minne.

Fram-um Ledaal, den storlagde fagre Herregaarden
til Ætti Kielland fyrr, og fram-um fleire Gardar
og Hagar og Bystykke bar det ut igjenom, til dess eg
fraa Vegen saag Garden S a n d d a 1 ved St okka-Vatne.

Her var det Folke mitt budde daa Garborg var selt.
Ho Mor styrde; sidan kom Bror Jon heim fraa Austraat,
Jordbruksskulen, og hjelpte henne. Daa det leid noko
lenger fram-paa, gifte Jon seg med ei Gjente av
Ue-lands-Ætti. Ho var likso god til sitt Arbeid som han til
sitt; so tok han imot Garden, og det greidde seg godt
her ute. For me hev her paa Vestlande havt
Jordbruksskular som ikkje berre lærde upp «Assistentar». Jon
var elles ikkje fullsterk; den kalde Nordvesten her ute

185

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:51:55 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/8-1944/0187.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free