Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
vart ’n for strid; no hev han fengi seg ein Gard ved
Skiensfjorden.
Heimen i Sanddal hadde lite Hjelp av oss andre aatte
Systkeni. Tvo av Brørane gjekk til Sjøs; der kom den
eine, han Eivind, burt; han bleiv i Spanskesjøen.
Sys-trane lærde aa «brodere», eller gjekk paa Lærarskule.
Etterkvart drog heile Flokken til Amerika so nær som
han Jon og eg; men burt fraa Heimbygdi kom me alle.
Daa eg i 1870 var ferdug paa Lærarskulen vart eg
Skulemeistar ved Risør eit Bil; der tok eg til aa gjeva
ut noko som kalla seg Skuleblad. Og det var Skuleblad
for meg; eg tamde meg der upp til aa skrive
norsk-danskt. Eitt godt Minne hev eg likevel fraa denne mi
fyrste Bladmannstid: eg fekk Torkell Mauland til aa
skrive norskt i Blade. Daa eg meir og meir skyna at eg
ikkje dugde til Skulemeistar, og daa Blade mest saag ut
til aa kunna greide seg, sagde eg upp Skulen og flutte
hit til Sanddal; der heldt eg fram med Blade, og meinte
det skulde greide baade seg sjølv og meg til so lengi.
Ho Mor var snild. Trudde paa meg og tok imot meg,
og var meg til Hjelp meir enn eg daa rett forstod.
Foreldre lyt finne seg i slikt; det er mangt Ungdomen ikkje
skynar eller ser fyrr han vert gamall. Ho Mor, saman
med eit Par andre gode Folk, var det au som hjelpte
meg, daa eg fann at eg vilde prente Blade sjølv, paa den
Maaten meinte eg at eg skulde tene paa det. I Lag med
ein ung Setjar fraa Bergen, Isaksen, fekk eg i Stand eit
lite Prenteverk upp-paa Lofte hennar Mor; og dette
klara seg utrulegt. Eg var Bladstyrar og Setjargut,
Isaksen var Setjar og Prentar; han var i det heile ein
glup Kar. Snart saag me likevel at det ikkje her paa
Sanddal var «Framtid» for eit Prenteverk; me flutte
daa til Tveitstranda («Tvedestrand») med det, daa eg
fraa mi Seminarietid visste, at den «Ladestaden» enno
186
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>