Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
ikkje hadde slik Kultur. Der er det enno; Eigar: Th.
Eskildsen.
For meg vart det ikkje so greidt j Tveitstrand. Eg
skulde styre tvo Blad, Skuleblade mitt og dertil
«Tvede-strandsposten»; Prenteverksgut laut eg au vera meir
enn fyrr; og det var ymist Natte-Arbeid. Verst var det
dei Kveldane daa «Posten» skulde i Prenten. Daa freista
eg stundom aa bladstyre og setja samstundes. Setja ut
av Hovude, som me sagde. Det kunde greide seg med
Smaating. Elles var det aa gaa fraa Kassa til
Skriveborde og fraa Skriveborde til Kassa att. Ut-etter Natti
kom Svevnen. Daa laut eg staa og skrive. Men naar
det leid paa, sovna eg jamvel um eg stod. Felagen min
laut daa dunke meg i Skolten so ender og Gong, til aa
halde meg arbeidsfør.
Dette greidde seg eit Bil. Men so laut me leige
Arbeidshjelp. Og den var dyr. Etterkvart kom me daa
etter at det var eg som var for dyr. Prenteverke kunde
føde ein Prentar eller tvo, men ikkje nokon Bladstyrar.
Enden vart at Isaksen laut taka heile Greida. Eg for
min Part fekk fem Dalar av Kassa som etterkvart hadde
vorti heller utpint; med dei fem Dalane strauk eg til
Oslo og vilde «studere eller døy».
Eller faa meg ei Lirekasse, og med den spéla meg
gjenom Verdi so langt som til Arabia. Der vilde eg slaa
meg til, i ei Bergholu ved Sinai, og liva av Ber og
Geitemjølk. Og skrive Æventyr som dei i Tusund og ei Natt.
Eg brydde meg ikkje serskilt um aa studere, naar sant
skal vera sagt. Minne um Postillane og Pontoppidan, og
ixm den syrgjelege Endelykten det hadde teki med ’n
Far, skræmde alle Prestetankar fraa meg; og Embætte
av anna Slag lokka meg ikkje stort meir; sitja og føre
Protokollar hadde eg lite Hüg paa. I det heile visste eg
ikkje kva eg vilde. Eg var komin upp-i ei raadlaus Ørske
187
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>