Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
av Fritenkjing og Draum-Romantik som eg ikkje lenger
kann greide ut; svært langt ifraa Tulleskap hev eg vel
knapt vori. ,
Det eg «tenkte paa» var eitt av tvo: fara paa
Æventyr, um det kunde laga seg so, eller taka Artium med
non og bh Diktar. Og liva det ideale Studenterliv. Eller
um det kneip: finne meg ei Bergholu upp-ikring Byen
ein Stad, og so leggje meg inn der og svelte ihel.
Til Oslo kom eg. Gjekk der og tulla eit Bil; «budde»
i Vaterland; livde paa Vatn og Brød; skreiv litegrand i
Dagblade. Styraren der, H. E. Berner, seinare
Bor-garmeistar i Oslo, var meg ein god Mann. Han retta og
strauk og stelte paa Stykki mine so vidt dei vart
le-sande; sette deim so i Bladkjellaren sin og gav meg
«Honorar», so vidt at eg med min Livemaate greidde
meg. Men det var so lite eg kunde skrive. Eg kunde og
visste ingin Ting. Serleg var eg ukjend i Kristiania, og
hadde slett ikkje Lag til aa vera Bladfyk. Det saag reint
svart ut. Lire-Draumen dugde ikkje heller; kvar skulde
eg faa ein Lirekasse ifraa? Og köss skulde eg koma til
Arabia, naar eg kunde korkje tysk eller arabisk Maal?
Og denne Bergholo; døy i Bergholu; Tull. Slikt gjekk
ikkje so fort; og fyrr eg visste Ord av, fann Politiet meg
og sette meg paa Fatig-Kassa. Eg hadde høge Tankar
den Gongen um Kristiania Politi.
Den som hjelpte meg til Rettes til Slutt var Peter
H æ r e m. Han var den mest hjarte-rike Mannen eg
hev kjent, og det vil alltid vera meg ei Sorg, at eg so
lite vart det han hadde venta og vona.
Han var fraa min Lands-Kant. Stavangermann heilt
ut. I Trudomslive sitt hadde han Samanheng med den
gamle Hauge-Vekkjingi der burte. Folke trudde han
paa, Bonden fyrst og fremst; og ikkje minst trudde han
paa Bonden fraa Vestlande. Meg visste han paa ein
188
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>