Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Maate um; hadde lagt Merke til det vesle Blade mitt og
meinte eg kunde koma til aa føre ein sterk Penn. Han
smilte daa eg sagde at eg var Fritenkjar; noko sers
Vyrdnad for Romantiken min hadde han vel ikkje heller.
Det eg trong um no var aa arbeide, meinte han. Lære
noko. Og daa eg var Fritenkjar, so eg ikkje kunde taka
imot teologisk Hjelp, so fekk me skipa oss med eit Laan
til so lengi. So fekk det laga seg etterkvart som det
kunde best.
Det laga seg som det kunde, um ikkje best nettupp.
Um Peter Hærem er det knapt anna leidt aa fortelja
enn at han var altfor god i seg. Trui hans var mest vel
sterk. I «Bondestudentar» hev eg sett inn eit Par Sogur
um dette som han fortalde meg sjølv, men som eg sidan
fekk Greide paa fraa den andre Sida; det er vondt med
slikt; og ein skynar at jamvel godt Folk ofte maa misse
Trui. Meg med trudde Hærem for godt. Eg gjorde elles
mitt beste; og det var ei Tid daa eg trudde det skulde
laga seg; Kierkegaard drog meg ikkje lite. Men etter
alt eg no kann skyna gjekk det som det maatte gaa.
Hausten 1873 kom eg paa «Studenterfabriken», som
daa, etter Heltbergs Tid, var styrd av cand. mag.
Schou Bruun, ein greid og dugande Kar; daa var
eg 23 V2 Aar gamall. Lirekassa og Arabia vart gløymde
no. Eg var komin so vidt til Aars at eg laut tenkje paa
aa verte vaksin.
Høge Tankar hadde eg um den akademiske
Borgarskapen; og Tidi var knapp; «Fabrik-Studentane» var
dessutan lite velkomne paa Høgskulen. Og strjuke vilde
vera leidt, serleg for ein gamall Fyr som laante seg
fram til so høg ein Vyrdnad. Eg kann segja eg las ikkje
lite i desse tvo Aari. So kom Domedag. Og upp laut eg.
Aldri i mine Livedagar hev eg vori so rædd. Eg kunde
god i seg: godhjertet.
189
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>