- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VIII. For seint ute. Kolbotnbrev. Knudaheibrev. Ei finneferd /
190

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

ingin Ting. Det var klaart som Blekk: eg gjekk til
Dunders.

Daa alt var yvi, viste det seg at eg hadde klara meg
likevel. Men non fekk eg ikkje.

–Halvt burte i desse Minni var eg komin alt ut

til Madla mest; der laag Eksismoen, og Madla-Aasen
med grøne Gardar og kvite Hus heilt upp, men lengst
nede ved Fjorden Panneverke. Naa; er eg komin so
langt, so lat meg taka Hafrsfjord med, tenkte eg, og

krabba upp-i Marki og frampaa ein Lyngbakke.

*



Blaa og frisk blenkte Hafrsfjord i Soli. Utgangen til
Have ser ein ikkje; Fjorden er som eit stort Vatn;
ingin skulde tru at det her var hendt noko stort. Han hev
kje noko Samanheng med det Norig som no er heller.

— Eg legg meg i Lynge og ser ut yvi Fjord og Land.
Tankar og Soguminne tek meg.

— — Dette Norge no, det ligg inneklembt millom
Sverig og Danmark og høyrer politisk til det eine og
literært til det andre; men i Vitskapen sin er det
Underbruk under Tyskland. Herrefolke hev tyske Namn
og talar provinsdanskt; Hovudstaden kallar seg etter
ein dansk Konge og ligg i Viki, som fraa gamall Tid
ofte gav seg inn under danskt Herredøme.

Men det gamle Norig laag ved Vesthave og var
vest-europæiskt.

Trondheimen var Landsens Magt; og Allsherjarthinge
der hadde Rett til aa kora Landskongar. Men det f
jord-sprengde, fjellbratte Vestlande avla Vikingar og
Sjøkongar; og Rikdom og Skaldskap og det høgste
Aandsliv hadde sin Heim der, serleg i dei Fylki som laag
Vestheimen nærast: Hordaland, Rogaland, Egdafylke.

gaa til Dunder ss «gaa ad Helvede til.»

190

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:51:55 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/8-1944/0192.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free