Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Men paa Austlande, hjaa Breidbygd-Hovdingar, i
Grannelage til Sveavelde og Danavelde, vakna den
norske Rikstanken. Alt tidleg tok Ynglinga-Ætti til aa
leggje under seg Land; Gudrød Veidekonge raadde fraa
Vingulmork og Vestfold til Hadaland og Heidmarki; og
Son hans, Halvdan Svarte, som var fostra hjaa Morfar
sin paa Agdir og gift med ei Kongsdotter fraa Sogn,
raadde sistpaa baade Sygnafylke og eit rett stort Rike
austanfjells.
Hans Son att, Harald, vann endaa lenger. Her i
Hafrsfjord slo han sitt største Slag: mot Hordar^ og Rygar
og Egdir og Telar og dertil ein Hjelpehér fraa dei
norske Riki i Irland og paa Skotlandsøyane. Sistpaa lagde
han dei norsk-skotske Øyane under seg; Norigs Rike,
som sistpaa strekte seg fraa Gautlandselvi og
Kvite-havet til Grønlands-Isane i Vest, var grunnlagt. Harald
heldt seg paa Gardane sine i Hordaland og Rogaland;
paa Hauge ved Karmsunde døydde han og vart
haug-lagd: tusund Aar etter fekk han sin danske Minnestein.
Olav Haraldsson heitte den Kongen som fullførde
Haarfagerverke; i hans Sogu au er Hordaland og
Rogaland framme.
Her ved «Havfjorden», paa Sudsida, paa Garden Sola
(provinsdansk «Sole») budde den megtuge Hersen
Erling Skjalgsson. Han var gift med Syster av Olav
Trygg-vason og raadde Lande fraa Sognesjøen til Lidandisnes.
Men han vilde ikkje hava anna Tignarnamn enn Fedrane
hans hadde havt; og det var ein Byrgskap som Olav
Tryggvason hev kunna skyna.
Men Kongsdotteri hadde Erling fengi for aa byte Tru.
Og det hev han funni aa vera ein god Handel. Dei gamle
Gudane hev han som andre Storfolk vori ferdug med;
og den nye Guden var rimeleg: kravde ikkje stort anna
enn Daap og nokre Bønir. Ja og so skulde ein kvile um
191
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>