Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Sundagen. Og eta Fisk um Fredagen. Men so var det
ikkje verre: braut ein desse Bödi, eller kom ein elles til
aa misfara seg, so lét den nye Guden seg sone med ei
lempeleg Bot. So at kunde ein bli Verbror med ein
Konge for so lite, so var det visst ikkje noko aa pruta
paa.
Sidan var Erling trugin Kongsmann. Ved Svolder
fekk han ikkje vera med. Men han heldt seg sidan ifraa
Eirik Jarl, som hadde vori med Danskekongen og
Svea-kongen i Sviksverke mot Olav Tryggvason.
Med Svein Jarl, Bror til Eirik, samde han seg, og fekk
Son sin gift med Dotter hans. Og daa Olav Haraldsson
tok til med sin Kongsstrid, stod Erling paa Jarlesida
mot Olav.
Sidan døydde Svein Jarl. Daa møttest Erling med
den nye Kongen paa Kvitsøy her nord i Buknafjorden.
Han fann Haraldssonen mindre raust enn
Tryggva-sonen, og det saag i Fyrstningi ymist ut. Det vart
likevel til det, at Erling gjorde som Frendar og Vénir vilde:
lét Kongen raade og vart Lendermannen hans.
Men Erling var ikkje nøgd med Semja og brydde seg
kje um ho; får i alle Maatar fram som han fyrr hadde
gjort. Kongen freista aa aga han; gav mill. a. ein
Tri-menningen hans, Aaslak Fitjaskalle fraa Sunnhordland,
store Veitslur og bad han stengje litegrand for den
rom-freke Rygjakongen. Men Aaslak kom ingin Veg med
dette; fann det sistpaa best aa berge seg aat
Kongs-hirdi.
Seigare for Erling aa dragast med vart Trælesonen
Tore Sel, som Olav hadde sett til Aarmann paa
Agvalds-nes paa Karmøy. Og so kom Hendingane med Aasbjørn
Selsbane; dei øydde det som enno var att av Freden
millom Kong Olav og Erling. Enden vart at dei kom i
Slag med kvarandre her nordanum Tungenese — berre
192
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>