- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VIII. For seint ute. Kolbotnbrev. Knudaheibrev. Ei finneferd /
193

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

paa Lognvetne kunde dei halde Sjøslag i dei Tidir —;
Olav hadde stelt seg sløgt og vann. Og han baud Fred;
vilde gjerne hava Fred. Hadde fengi sjølve Knut den
mektuge aa dragast med, so no kunde Rygjakongen vera
serskilt god aa hava paa si Side. Og Erling tok imot
Tilbode. Men der var noko smaavori hjaa Olav Haraldsson
som no braut seg fram; han «merkte Drottins-Svikaren»
i Andlite med Økseggi. Daa fekk Aaslak Fitjaskalle
Mod til aa hugse det vesle som han hadde ubytt med
Erling Skjalgsson; han for fram og kløyvde Hovude
hans attanfraa; hogg dermed «Norig av Olavs Hand».
For Olav var dette Løn som fortent; for Norig var det
ille. Men Norig lyt finne seg i kva-som-helst. —

— — Erling høyrde til den gamle Tidi. Og den heldt
han uppe i Rogaland so lengi han kunde. Det ser me
no at han hadde mange gode Grunnar til; den Tidi som
kalla seg ny, og som vart nyare og nyare alt til i Dag,
— meir og meir vondt fær den paa Samvite sitt.

Den Tidi som Erling høyrde til heldt Trældomen uppe;
det er sant. Men ho var endaa ei god Tid mot denne
kristelege, daa dei rike slit sine Arbeidarar ut og sidan
læt deim gaa Fatigkassa eller Fenden i Vald.

Trælane hans Erling hadde det betre. Rimelege
Vilkaar hadde dei i sitt Trælestand; og vilde dei vinne
Fridom, so hjelpte Erling deim til det med.

Kvar Træl paa Sola hadde sitt visse Dagsyrkje, og
var fri naar han var ferdug med det. Ein Jordteig fekk
han til aa dyrke sjølv i sine Fristundir; det han der
avla kunde han selja; og dei Innkomune han soleis fekk
kunde han brüka til aa kaupe seg fri for. Erling kravde
ikkje større Løysingssum enn at mange vann seg fri
paa eit Aar eller tvo; og siden hjelpte Erling deim i
Veg som han best kunde. Og Fridom daa var noko anna
Lognvetne: smult Vatn.

193

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:51:55 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/8-1944/0195.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free