Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
høyrer ein soleis no ofte «vah», eit Ord som. i norske
munnar ikkje alltid tek seg ut; det vil so lett minne um
Hundegøying. Kannhende noko for di det vert so
urimeleg ofte bruka. Samrøda vil ofte gange smaatt
millom Stavangerfolk no, og serleg millom Stavangerfolk
og Landsfolk; d’er tidt so dei samtalande liksom er
rædde ho kunde dovne burt. So tøygjer dei daa paa ho
det beste dei kann; og det gjeng med vah, vah, va—a i
Einingi. Paa den Maaten fær dei kvar Setning og kvart
Ord teki upp att, og upp att; og Røda kann vara rett
lengi, um dei hev heller lite aa tala um. Denne Va-ingi
kann vel elles au berre vera ein Uskikk som fylgjer
med, naar Folk skal øve seg i aa knote.
Ja det vert knota meir i Stavanger enn fyrr;
kannhende er det Smitte fraa Bergen. For Bergen fiffar paa
seg no, daa det snart skal verte «Forstad til Kristjanja»;
og Stavanger kann du vita vil ikkje vera ringare enn
Bergen. Og daa visst slettikkje norskare! — for
Stavanger ventar 6g aa bli Forstad til Kristiania snart.
Den nye «Søsygebane» til Flekkefjord, som vart brdtin
tvers gjenom svarte Fjelle aa kalla for, so at ein av
Bygmeistrane skal ha sagt at det vilde bli mykje
billegare aa køyre kvar sjøsjuk Eimbaatsfarar fraa
Flekkefjord til Eikersund paa firehjuls Vogn, — denne Bana
vil snart vera ferdug. Og sidan er det berre dei
Smaa-stubbane frametter Havstrendar og Fjordstrendar til
Skien — den norske Jønnvegen hev til serskild Fyrilogu
aa kapplaupe med Eimbaatane, veit du —; dermed vil
Stavanger vera Forstad so vel som Bergen, og kann daa
segja vah likso flust som det. Det bør daa taka til aa
øve seg, det au; va—a?
— Dersom daa ikkje Stavanger finn paa at det heller
vil vera vaar fyrste norske By?
Fyrilogu: noko fyrilagt; ei «Uppgaave».
198
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>