- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VIII. For seint ute. Kolbotnbrev. Knudaheibrev. Ei finneferd /
199

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Etter Kaffien tok eg ut La(de)gaardsvegen, Byvegen
vaar i mi Tid.

Minne livna for meg her med. Aa, som Smaaguten sat
burtdrøymd og himilfarin paa Kjerrelasse sitt, naar
me kom so langt som hit, eller berre so langt at eg saag
Hetlandskyrkja! Aldri nokon Stad vert Jønnvegen so
heilt ut Kaupmanns-Tid for meg som her ved Porten til
Gudsrike mitt fraa Barneaari.

Eg stanar og snur meg. Ser inn-yvi att. Det sviv
noko av den gamle Høgtid yvi Domkyrkje-Taarni enno.
Men Draumen er sprengd. Jønnvegen bryt seg inn i
Heilagdomen med sin Murstein og sitt Braak; og alt det
gaatefulle som gøymt og halvgøymt laag her og glytte
fram att-under gamle Lundar og Berg, er avvyrdt eller
burte. Sjølve Domkyrkja er nækt. Vel mykje. Og
Samtidi hev sett sin Jønnveg og Kvardag midt upp-imot ho,
so Høkerdomen er all Stad kjennande. Jønnvegen ands
Andlit med Domkyrkja, det er eit Tankebilæte av dei
sterkaste, ein Dom: den skillings-trælande Dvergen mot
den stort tenkjande og høgt drøymande Kjempa. All
Vyrdnad for Eim og Hjul. Men gjev det ikkje vert
altfor lengi fyrr den Tid kjem, som denne
Gognverk-Alde-ren vel paa sin Maate skal fyribu!

Eg snur meg og gjeng i Veg att. Farvel, du gamle
St. Svithuns Kyrkje! Um det ikkje er att stort meir enn
Utsida av deg no, og ikkje alt av den heller, og um det
yler og braakar ikring deg aldri so mykje med Eimpipur
og Handelsstaak, du er det me enno hev att av stor Tid;
gjev du maa staa i Fred heretter, for Herjingar som for
Restaurasjonar! —

— Snart skimtar eg Gandsfjorden. Og paa Innsida
av den Li-Fjelle, som stengjer for Riskakvervo, der eg i

nækt: «blottet». — ands Andlit: «Ansigt til Ansigt».

199

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:51:55 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/8-1944/0201.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free