Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
15—16-Aars Alderen var Skulemeistar, Barn og
Barn-fostrar i eitt.
Elles hadde eg det godt der. Rike mitt var stort; fraa
og med Riskakvervo tøygde det seg nord-gjenom
Stavangerfjorden fraa Holme til Holme alt nord til Omøy,
der eg hev Minne som ikkje vert gløymde so snart. Men
fraa Riskakvervo hev eg au Minne. Det var «fast»
Skule der, med leigd Skulestogu paa Haualand; men
Skulestogo var den Kvardagsstogo der Heimefolke heldt
seg, so den vanlege Fastskule-Kalden kjende eg ikkje
noko til. Det var der, eg skreiv mitt fyrste store
«dramatiske Digt» paa Vers, — etter «Brand», skynar du.
Det einaste eg hugsar er Titelen: «Syner i Skodd». Um
der var Synir veit eg ikkje. Men Skodd var der, det
veit eg. Eit anna Femvendingsspél paa Vers gjorde eg
etter «Peer Gynt» med; det hev eg jamvel gløymt Namne
paa. Han hev ført eit hardt Velde i Norig den Gongen,
Ibsen.
— Eg kjem til Helevaag (Mauland trur me skal skrive
Hilevaag), det venaste eg i Barndomen visste. Dei skriv
det «Hillevaag» paa fint. Men Hill er paa norskt noko
som eg ikkje her bryr meg um aa draga fram.
Aa du Hilevaag som ein Gong var Paradis utanfor
Sions-Porten! Fager er du enno; men du er ikkje det
du var. Vegen er umlagd; Jønnvegen innsprengd;
Skog-lidi upp-rivi; Hagen skjemd. Framfus og vyrdlaus bryt
Jønnvegen seg inn; süme Stadir ser ein ende ut i
Fjorden.
Ikkje klaga. Det fagre er ryrt; serleg kvervi er det
her i Lande. Det meste av Hilevaag er elles att enno.
Glansen er av; det er nok so. Men dei driv kannhende
Hilevaag med større Vinning no enn dei gjorde i mi Tid.
ryr: kortvarig: forgjængelig. — kvervin: ustadig;
uvarig; svindende.
200
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>