- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VIII. For seint ute. Kolbotnbrev. Knudaheibrev. Ei finneferd /
201

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Og Gud vere Lov: um vent kverv, so kjem vent att.
No fær eg snart sjaa Skogplantingane paa Hinna...
rekk eg Toge paa Hinna, tru? Ja; det er god Tid, —
som vel er. For Stykke fraa Stavanger til Hinna plar
vera det verste paa Bana; her kann eg mest vera viss
paa aa bli seigpint med Stavanger-Knod; lat meg halde
meg paa Landvegen so lengi eg kann; der er eg fri, og
hev dertil Lag med eitt og anna Barndomsminne.

Men agte Tidi! —

— Agte Tidi, ja. Det er au noko me Bøndar maa lære.
Og Jønnvegen vil lære oss det; dermed vert han ikkje
for dyr, um han kosta aldri so mykje.

Ein rar Skikk, den gamle: ein skulde vera seint
ute, naar det galdt Lag eller Gjesting. Det var ikkje
Folkeskikk aa koma snart, eller koma plent; for det
fyrste skulde ein ikkje sjaa altfor lagkjær ut; og for det
andre skulde ein gjeva Vertsfolke god Tid til aa stelle
seg. Dette siste hadde, og hev vel enno, si gode Meining.

Men no, daa Minuttvisaren paa Klokka raar, og Folke
meir og meir maa agte si Tid, no vert det annarleis.
Naar eg tenkjer paa mine fyrste By-Aar, og kor lite eg
skyna dette, skjemmest eg. Skulde eg ut ein Gong, til
Middags eller Kvelds, trudde eg det var Folkeskikk aa
lata Folk vente. Men Vertsfolke hadde Maten ferdug;
og Gjestine kom til den Tid som var sett; berre denne
eine, denne Vestlendingen, kom ikkje. Folk var snilde;
tøygde seg so langt dei kunde; det var kje sagt det var
mi Skuld; det kunde vera komi noko i Vegen; no kom eg
trast, eller sende Böd; — nei. Det kom ikkje noko Bod;
og eg kom ikkje heller. Til Slutt kunde dei kje vente
lenger; Maten vart kald; dei gjekk til Bords og gløymde
baade meg og den Uhugnaden eg hadde vori Skuld i.
Men daa — klingelingeling! — daa kom eg. Og so vart
det ny Stans. Helsing o. s. fr. Huff. Det er fælt aa

201

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:51:55 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/8-1944/0203.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free