Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
paa Lag gjorde me gildt ein Gong, Thimeborni og eg;
daa fann me ein stor Beinknok. Vaarherre veit kvar me
gjorde av den. Der, nordanum Kyrkja, er dei gamle
Prestegravine. Dei var utanfor Kore fyrr; men so vart
Kyrkja flutt lenger inn-yvi. D’er reint rart no aa sjaa
Prestegravir ved ei Lands-Kyrkje. Dei søkjer til Bys,
Prestane no, anten so dei er livande eller daude.
Gravmerki er nye mest alle. Steinar ofte, heimtekne
fraa Byen. Moten raar paa Kyrkjegarden med. Dei som
ikkje kann fylgje Moten, og det er nok Mengdi, ligg
heller merkelause.
Knapt eit kjent Namn aa sjaa nokon Stad. Eg gjeng
Kyrkja rundt. Les paa kvar Gravkross som ser ikkje
for ny ut; det er svært faae Namn, eg kjenner. Og ingin
er nemnd av mitt Folk.
Eg er framand her som alle Stadir. Naa. Namn og
Krossar er ikkje alt. Eg veit, at rundt ikring der eg no
gjeng ligg Ætti. Ein for ein: ei for ei. Ætte-Fedrar og
Mødrar. Og dei av Borni som ikkje kom ut. Spreidde
og samanmengde med alle dei andre ligg dei her. Fred
vere med deim.
Det er med Folke mitt i det smaae som i det store:
Minni hev ingin havt Umtanke fyri. Sjølve dei gamle
norske Kongane ligg spreidde her og der utan Stav eller
Stein. So nær som Gamlegubben sjølv, som fekk ein ny
Stein i 1872. Og so han den andre som fekk Kista si
uppsparka og Skallin sin stolin og send til Kaupenhamn.
Kva vil so me Smaafolk vente. Kvil i Fred, stakkars
gløymde smaa’ Bøndar!
Dei sist gravlagde av Ætti hev vel havt ein
Hovud-stav. Han Farfar t. D., eller han Eivind Knudsson. Men
Hovudstavane morkna og fall. Og ingin sette deim upp
att. Og Kyrkja brann. Og Kyrkjegarden vart ei
Brand-«gjera gildt»: leike.
211
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>