- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VIII. For seint ute. Kolbotnbrev. Knudaheibrev. Ei finneferd /
212

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

tuft og ei Arbeidstuft. Kven kunde daa tenkje paa
gamle Grav-Krossar ? Gravine vart gløymde. Og nye
Lik banka paa; Röm! Röm! — Ei Syn vert det paa
Domedag, naar heile Kyrkje-Aalmugar krabbar fram or
kvart lite Gravhöl; kvar skal alle dei Armingane finne
sine Bein?

Far min ligg au her, stadlaus og steinlaus. Han Jon
Bror min og eg, me vilde setja honom ein Stein ein Gong.
Med Namne og eit Par Tal. Gravaren lova aa sjaa, um
han kunde finne Gravi. Men han Farbror, stakkars snilde
Farbror som me vilde havt med, han sagde nei. Han
kunde ikkje for sitt Samvit, sagde han. Dei skulde vera
burte, som sjølve var burtgjengne. Og me vilde ikkje
vekkje Strid; Ufred hadde han Far havt nok av her i
Verdi. So ligg han daa her, merkelaus som dei andre1.
Og dei som skulde liva efter’n, og halde Arbeide hans
uppe i Heim og Bygd, — dei er burte dei med. Spreidde,
spreidde yvi den vide Verdi.

— Eg hadde stana. Stod og stirde; venta kannhende
so smaatt, — um det kunde vakne i Lufti noko som ei
Kviskring, ein Sukk; — høyrde sistpaa meg sjølv
kviskre: Tilgjeving...

*



IV.

Du Steinar! Knudaheio 16. 4. 1901.

Tidleg drog eg til Jærs i Aar; no hev eg alt vori her

i 8 Dagar. Eg gjer inginting; gjeng berre og driv
mil-lom Knausane; eg skal freiste aa «kvile». Det er skralt
med meg. Eg hev ei av mine vonde Tidir; er nok ikkje
frisk. Fær sjaa um det vil laga seg.

Det eg hev arbeidt paa fær eg ikkje til; det lyt liggje

1 Ein litin Stein er seinare sett. (Merknad 1909.)

212

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:51:55 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/8-1944/0214.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free