Full resolution (JPEG)
- On this page / på denna sida
- Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
so lengi1. I arbeidsføre Stundir fær eg freiste med desse
Brevi; Heimeminne og Barneminne vil døyve Tankane,
vonar eg. Du fær segja ifraa naar du vert leid, veit du.
*
24de.
Det er sant: me hev nok nytt Aarhundrad. Men det
er sjeldan eg hugsar det. Me sit der me sat. Og stend
der me stod. Nytt Aarhundrad; alt med det gamle.
D’er so eg enno helst skriv 18 for 19 i Aarstale. Eg
hev skrivi 18 i all mi Tid. Kva skulde det vera for Dent,
um eg no paa mine gamle Dagar tok til aa fiffe med eit
nytt Aarstal ?
Tjah. Det gjekk svært so fint og stilt, dette
Hundrad-aarsskifte. Nyaars-Natti sat me i Kyrkja og høyrde paa
ei Preike, me Radikalane, i Staden for aa vera paa Gata
og velte Borgardøme. So midt i Preika kom daa dei tolv
Klokkeslagi. So var det kje meir.
Heile det nittande Hundradaare med alt sitt Staak og
sitt Braak, — med so lite Braak og Staak var det
grav-lagt. Med likso lite Braak og Staak vart det tjugande
født. Det heldt fram den Preika som det nittande var
somna ifraa; «Mine Tilhørere!» kom i det nittande og
«Amen» i det tjugande Hundradaare. Meir var det ikkje.
Kannhende brende dei av eit Par Kononsköt paa
Akershus; det høyrde kje me som i Asker sat. Me gjekk heim
og lagde oss.
Eit Grand flate? Kannhende. Mangt anna kunde me
ha drøymt. Men endaa paa ein Maate fornøgde. Ho gjeng
stødt likevel, denne gamle skeive Verdi vaar. Det er
ikkje gjort med store Ord aa faa den velt. Gjev ho
maatte gaa fram, so visst som ho gjeng stødt! — tenkte
me vel. Og sov som vanleg den Natti.
Dent: Affektation.
1 Vart til Slutt til «Den burtkomne Faderen». (1904.)
14 — Garborg VIII.
213
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Project Runeberg, Sun Dec 10 03:51:55 2023
(aronsson)
(download)
<< Previous
Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/8-1944/0215.html