- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VIII. For seint ute. Kolbotnbrev. Knudaheibrev. Ei finneferd /
219

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

minst han Farfar, vil eg tru, han gamle Aadne, Olssonen,
«fødd sjuttan hundra sju og sjutti» og soleis no 74 Aar;
han hev kvikna til, daa han saag denne Guteknabben
som skulde yngje upp Namne hans og soleis liksom lata
’n sjølv livne upp att. Det hadde meir paa seg med
Upp-kallingi daa enn me no veit; difor harmar det meg, at eg
hev bytt burt Namne.

Ho Mor, som den Gongen var 19 Aar gamal, hev vel
au gjort seg Vonir um Fyrsteguten sin. Og han Far hev
ikkje vori mindre kry, veit eg. Han var 30 Aar, aa kalle,
no; og det kunde vera høvelegt at Odelsmannen kom ved
dette Leite. So vart det Stundin’ til aa lære ’n upp. Og
han visste at han kunde lære meg upp. Ikkje nok med
at han var Gardmann; han hadde i sju Aar vori
Skule-meistar.

Fraa 1840 hadde han skula i eit «Jestrikt» nedst i
Thime-Sokno. Løni var 16 Dalar Aare og Fridom fraa
Hér-Tenesta. Endaa lagde han seg paa dei sju Aari upp
«nokre hundrad Dalar», som Torkell Mauland fortel meg
etter gamle Brev. Dei hev teki det annarleis,
Skulemeistrane i dei Dagar enn vanlegt no er. Han Far
greidde seg paa den Maaten at han i Fristundine
arbeidde Skor og sauma Skinnklæde og selde. Samstundes
var han ein god Skulemeistar; det hev eg sidan høyrt av
fleire som hadde gjengi for ’n; og av Mauland høyrer eg
at Bispen, v. d. Lippe, roste ’n serskilt for at han heldt
«go’ Orden i Skolen». Ros fekk han au der det etter mitt
Vit mindre skulde vera ventande: for Skuling i Song.
Det var i den Tidi Lindemanns Koralbok var komi, med
Salmetonane uppsette paa denne stive turre Maaten som
lengi hev teki Live av Kyrkjesongen vaar; dermed fekk
Skulemeistrane nytt Arbeid. Dette for daa sidan
Høg-skulesongmeistaren Roverud ikring og skulde hava
Stundin(e): Tid. — skula: halde Skule; «undervise».

219

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:51:55 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/8-1944/0221.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free