Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
fram, eller aa spyrja um og undrast paa. Og mest aldri
var det nokon som fann paa noko uliklegt. Hende
sovori, so fekk Syndaren høyre so mykje at han gløymde
det ikkje so snart; og eg hugsar ikkje at me nokon
Gong turvte gaa til Skulemeistaren med slik Uhugnad.
Sjølve Skulen kunde vori betre stelt. Me hadde lært
meir um me hadde havt det som i frie Land, der dei hev
Heimemaale til Skulemaal. Men i den Tidi var Skulen
i Norig heilt-upp dansk. Der var ikkje eit norskt Ord
aa sjaa i Bøkane. Det einaste som hjelpte var at
Skulemeistrane endaa ikkje hadde fengi full
Framand-Upp-læring. Dette, og so det at Skulen vart haldin i Husi
hjaa Folke sjølv, gjorde at han vart meir Folkeskule
likevel enn den Krambugut-Skulen me sidan hev fengi.
Og han dreiv oss ikkje burt fraa Heimen. Mange av
dei beste Bøndane paa Jæren er enno av deim som fekk
si Upplæring paa Ungdomsskulen; me som sidan vart
sette paa Skulehus og upplærde av Seminaristar, med
oss bar det heller paa Framandveg.
V.
Knudaheio 26. 4. 1901.
Du Steinar!
–-At mine fyrste Aar var ei god Tid, skynar
eg av at eg daa var glad i alt og alle som eg hadde med
aa gjera; og ikkje minst i ’n Far. Sidan vart det
an-narleis.
Vendingi skulde vori god. Det var Kristindomen som
fekk Skuldi for ho. Men Skuldi hadde nok mindre
Kristindomen enn Kristiandomen, eller Kyrkjelæra fraa
Kristian den sette si Tid. Det var den som no var komi
til Magt paa Jæren.
Heime vart alt snutt um. I «Fred» er Sogo fortald,
15 — Garborg VIII.
229
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>