Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
sant i alt som det gjeld um; her skal eg berre freiste aa
faa med noko meir um meg sjølv.
Det- ser ut for meg som eg reint hev vorti umskapt i
den Tid. Eg hev vorti tagall for rødall, og drøymin for
djerv, og gruvlesjuk for glad og tiltaksam. Og um
mangt eit Hugskifte gjenom Upp vokstren kann koma
«av seg sjølv», so hev vel dette mitt havt ymist
Samanheng med det aandelege Luftskifte heime.
Eg vart beintfram upptamd til Drøymar ved alt dette
«Gudsord». Luther og Johan Arndt og Francke og
høg-sæle Bispen Brockmann og kva dei alle heitte, dei vart
so lange for meg at noko laut eg finne paa, skulde eg
klara deim.
Han som eg hev laant det meste av til «Gunnar» i
«Fred», eit Systkenbarne mitt som gjesta oss stundom
og som eg vart godt kjend med, sagde meg Raad mot
denne Lesnaden. Det var noko han hadde freista sjølv,
endaa dei heime hjaa honom ikkje las meir enn ei Preike
um Sundagen — aa, som eg ovunda deg, Gunnar! Eg
skulde sitja still og sjaa sundagsleg ut, sagde han; men
inni meg skulde eg tenkje paa andre Ting, og det so
hardt at Lesnaden kom burt for meg. Dette hadde eg
elles freista sjølv. Men Ulykka var, at naar eg tenkte
paa noko som eg brydde meg um, kom eg so inn-i det,
at han Far skyna eg var i andre Tankar; og daa nytta
det ikkje. «Nei det maa du agta deg fyri,» sagde
Systkenbarne mitt.
Aa tenkje paa noko som eg brydde meg um, men ikkje
tenkje for hardt paa det, vart daa mitt vanlege
Sundags-stræv i lange Tidir. Men so var det noko anna som kom
meg til Hjelp etterkvart: eg fekk stundom lesa
Prei-kune sjølv. Daa gjekk det betre, um elles Preika ikkje
var altfor lang. For det var gildt aa lata dei andre høyre
kor godt eg kunde lesa. Og so maatte eg vel stundom
230
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>