- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VIII. For seint ute. Kolbotnbrev. Knudaheibrev. Ei finneferd /
231

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

kunna slumpe til aa bléda tvo Blad for eitt. Dette siste
trur eg elles aldri eg vaaga; han Far kunde so snart
sjaa det.

Eg skyna kje mykje av det eg las, um det no alltid
kom seg so smaatt med Tidi. Men naar eg tenkjer
attende paa denne «Gudsords»lesnaden no, so skynar eg,
at dei hev stelt seg klokt, Prestane vaare, med sitt
danske Kyrkjemaal. Dette Maale hev med sin framande
Tone og sitt heile uheimslege Lag vori for Bonden noko
paa Lag som den gamle Kyrkjelatinen. Og at Gud, som
andre Storfolk, tala annarleis enn me Bøndar, det var
daa ein sjølvsagt Ting. At Bonden skulde kunna skyna
Vaarherre betre enn han skyna Skrivaren og Futen, var
ikkje rimelegt. Yvi det dimme, halvtydde Kyrkjemaale
lagde det seg daa noko av den Æventyrtonen som eit so
høgt Ord maatte hava etter den gamle halvkatolske
Bondetanken; og det kunde daa aldri bli kravt, at ein i
vanleg Meining skulde «skyna» Gudsord.

Endaa ein Ting kom meg til Hjelp: eg vart meir og
meir «Klokkar» i den vesle Huskyrkja vaar. Han Far
hadde eit gamalt Salmespél (Salmodikon) som eg fekk;
dertil gav han meg Lindemanns Tal-Koralbok; so spéla
eg, og lærde mange Tonar. No veit eg ikkje rett korleis
det var; han Far skulde etter det som var hendt i
Skule-meistartidi hans ha vori ein heil Songmeistar. Men han
var ikkje det. Dei gamle Tonane hadde han gløymt; og
dei nye kunde han kje heller. So vart det meir og meir
eg som laut styre Songen naar me heldt Husbøn. Og kry
var eg. Fleire og fleire Salmetonar lærde eg; paa
Resten greidde eg mest heile Kingo. Ja mykje av
Guldberg og Brorson med. Og eg song og kjende meg Kar
og tenkte med meg, at det knapt kunde vera noko mindre
enn Klokkar i Thime-Kyrkja, Vaarherre hadde tenkt
meg til.

231

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:51:55 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/8-1944/0233.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free