Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
beid. Eg lærde baade aa rekne og skrive, eit godt Stykke
paa Veg. Han Far skreiv upp aat meg i Skriveboki; den
stræva eg daa med um Dagane, naar Tid var; og um
Kveldane sat eg med Tavla inn-under Kola og rekna.
Til Hjelp hadde eg ei Reknebok som han Far i sine
Skulemeistardagar hadde skrivi upp aat seg sjølv etter
ei eldre Bok, som ein annan Skulemeistar hadde skrivi
upp aat seg etter ei endaa eldre; dei kunde nok ikkje
berre gaa til Bokhandlaren i dei Dagom. Stod eg fast,
so hjelpte han Far meg; han sat ved same Kola som eg,
og bøtte Skinn-Hitar eller sauma Skinn-brøkar eller
lappa Skor. Til sine Tidir hadde eg Lag, og det godt
Lag: han Farbror Ola, som meir og meir slutta med
Timbring og slo seg paa Handel; han gjekk daa i
Rekne-lære hjaa ’n Far eit Par Vintrar, jamsides med Brorson
sin. Naar eg vart leid av aa rekne (me vart aldri
«trøytte» av slikt Arbeid), las eg høgt i det gamle
Testamente; det var det me hadde til Lesebok.
Det gjekk godt med denne Skulen. Var «Timane» faae,
so vart dei godt nytta; Læregutane var ikkje mange, og
Heimemaale var Skulemaal. Han Far var langtifraa
Maalmann; men han kunde ikkje skikkeleg tala
«Gudsord». Og difor vart han meg ein Lærar so god, at eg
kann segja d’er i hans Skule eg hev fengi Grunnen lagd
til all mi seinare Upplæring. Gjenom Heimemaale hans
Far fekk eg Greide paa rett mykje av dette danske som
me norske Bøndar maa lære all Ting paa, jamvel det
som paa fint heiter «Land»-Bruk.
Klåar vart vel ikkje i alle Maatar Kunnskapen min;
soleis er eg rædd at det for meg var Jærbuen som i
gamal Tid hadde gjengi yvi Raudehave, liksom eg visst
hev fortalt deg at Stavanger var Jerusalem, o. s. fr. I
slike Ting vaaga eg ikkje aa spyrja; eg hadde røynt at
Svari helst vilde gaa meg imot.
233
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>