- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VIII. For seint ute. Kolbotnbrev. Knudaheibrev. Ei finneferd /
234

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Mitt rette Fedraland fekk eg ikkje Greide paa fyrr
lenger upp i Aari; den gudelege takka aldri Gud for
Heimlande sitt. Som og rimelegt kunde vera; lite hadde
dei høyrt gjeti det, og lite kjende dei seg heime her,
liksom dei heller ikkje skulde kjenne seg heime. Me
skulde vera «Pilegrimar» paa Jordi. Liksom Jesus. Som
aldri sagde eit Ord mot det romerske Framandstyre,
kor saart han elles syrgde yvi Lagnaden aat Folke sitt.
Dei heimlause i Kristindomen er vel au det som
Prestane vaare best hev kunna faa fram. Det som er visst
er, at eg aldri høyrde Tale um Norig i mine fyrste Aar.
Han Gamle-Sven, Smeden, kunde vel stundom segja slikt
som at det og det «fanst det kje Maken til i heile Naari»;
men slike Gamlingar sagde so mykje rart. I Kyrkja var
eg den 17de Mai 1864, daa det norskdanske Norig heldt
Fridomshelg; men der høyrde eg berre «Norge», som no
er teki upp i det jærske Folkemaale med. Seint lærde
eg aa skyna, at Naari eller Norig var det same som det
Norge eg lenger ut i Aari fekk til Lekse i Geografien.

Den Heimeskulen som eg fortel um i «Fred» vart
haldin paa Garden stundom, d. e. hjaa Grannom; men
der var aldri me med. Læraren paa denne Skulen, som
eg i siimt hev teki til Mynster for min «Olsen», var ein
Student eller «Studart», som vildra um her hitte i mine
fyrste Aar og «budde paa Vindheim»; eg hev aldri fengi

Greide paa kvar han var ifraa.

*



Arbeidsskulen heime var stridare enn Bokskulen. Me
laut hjelpe til det me kunde med baade Innearbeid og
Utearbeid; og her spurdest det ikkje um vaar Magt;
Gud vilde hjelpe oss med si, berre me bad um det.
For han hadde sjølv sagt oss fyri aa arbeide. Dertil
her hitte (jærsk, av hit): paa desse Kantar. —
segja fyri: «befale».

234

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:51:55 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/8-1944/0236.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free