Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
var og Arbeide den beste Hjelp imot Syndi. Og den laag
alltid paa Lur, ikkje minst etter oss Borni, sagde han
Far, som stundom syntest meg gaatefull, naar han
rødde um dette. —
Ein sers Umtanke hadde han for meg; og eg fekk
mykje aa staa i, helst daa han slutta med aa hava Dreng.
Æveleg nok var der aa gjera ute som inne all Tid, og
eg fekk spenne i alt det eg orka. Innearbeide var elles
lett. Og her fekk eg snart Hjelp av ’nna Stine, eldste
Syster mi, ettersom ho voks til, um eg no laut «vera
med» i lengste Lage. Det var daa helst aa bera Torv og
Vatn, og sope Golve, og hjelpe til i Kjøken, og setja paa
og taka av Borde; og so hjelpe til med Kinning og
Karding og Spoling og kva som fyri kunde falle, alt etter
som Aarsens Tidir var. Men ute var det stridare. Serleg
med Jordarbeide; Vaarvinna, Torvskurden, Slaatten,
Skurden og Eple-Upptakingi var stride Basketak alt.
Millom Vinnune au var der nok aa gjera.
Ut-etter Fyrivinteren var det Turking og Maling,
noko med det Arbeide eg lika best. So var det Vinteren
med Bustell og Fjosstell og Heimearbeid av alt Slag.
Bera eller sidan pumpe Vatn til Buje; gjeva Kyrne og
Smalen og Øykine; maake Fjose; hjelpe til i Løo, serleg
daa me fekk Treskje-Gogn; hjelpte til i Smidjo; staa og
støyte i Barkakjere; liggje i Eplekjellaren og reinske
Bingane for rotne Jordeple; i det heile hjelpe til i all
den Endeløysa av smaatt og stort Arbeid som der var
paa ein Gard; det var ikkje berre Moro. Skulearbeide
kjendest reint som ei Kvile mot det. Det vart i det heile
for mykje Stræv og for lite Leik for ein litin Krok; eg
treivst ikkje rett, og fekk Uhug til Arbeid so vel som
til Gudsord. Anna leidt fylgde med. Eg lærde aa ljuge
Smale: Faareflokk. — gjeva Kyrne: gjeva deim
Mat.
235
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>