Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
og lure meg fram med det som eg vilde men ikkje fekk
Tid til, eller ikkje maatte; og mine stakkars
Smaa-systken, som so tidt kom i Vegen naar eg hadde tenkt
aa faa meg ei Stund for meg sjølv, vart meg til Mein;
og Illskap og Argskap fekk ofte Magti, der
Barnehug-nad og Godvilje skulde raadt aaleine.
Kristindomen vart det som Preikebøkane kalla Lov;
og der var mykje «Lovens Frygt» i Huse. Var me
saman med ’n Far, tagde me og var rædde. Det var Synd
aa samrødast, naar det ikkje var um naudsynlege Ting,
eller um «Sjæli»; me «skulde gjera Rekneskap for kvart
unyttigt Ord me hadde tala». Den Guden han Far
trudde paa var i det heile den gamal-jødiske og
nypie-tistiske Jahve; hadde han naatt fram til Faderen so
hadde det gjengi betre, for honom som for oss.
Men «Lovrædsla» var yvi oss jamvel naar me var
aaleine. Ikkje ho Mor heller kunde alltid hjelpe oss.
Me hadde so lite aa gleda oss til, og so mykje aa
ræd-dast. Og Ovund og Uhug kom upp oss sjølve imillom,
med Uvénskap og Uhugnad. Eg var verst her som i alt,
venteleg av di eg hadde det tyngst og kjende meg minst
fri under desse ubarnslege Vilkaar.
Altfor lite fekk me vera i Lag med andre Born au.
Det kunde vera i Skümringsstundi Vinterdag, fyrr Kola
vart kveikt; det Bile han Far kvilde. Ho Mor hev visst
havt mang ein Strid berre for aa faa so mykje fram.
Han Far, Stakkar, som var under verre Tvang enn me,
meinte at me liksom han hadde havt best av aa reint
«forsaka Verdi. Eg veit at naar me kom inn att fraa
Leiken vaar, var han i Ulag mest jamt; altfor vel skyna han
at «Hugen var etter oss der ute». So vart Ut-Hugen endaa
sterkare. Og voks og voks, til dess han vart Uthug fraa
Heimen sjølv. Den paulinsk-luthersk-pontoppidanske
Kristindomen hans Far sprengde meir og meir Huse.
236
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>