Full resolution (JPEG)
- On this page / på denna sida
- Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Det vart til det, at kor lite me i all denne Hugløysa
kunde samstevjast oss sjølve imillom, so var det daa ein
Ting som kveikte oss alle upp: naar ban Far skulde paa
Utferd. For me vart «frie» daa. Og di lenger han skulde
vera burte, di meir Høgtid var det. Ho Mor, Stakkar,
laut nok au for vaar Skuld vera glad; altfor vel saag
ho, at dette stengde og bundne Live ikkje var godt for
oss Smaafolke.
*
I desse Tidine vart han Farbror meg til stor Hjelp;
med honom var det som den frie friske Verdi endaa av
og til braut inn i Huse.
Han får vidt ikring, han Farbror, og dreiv paa med
mangt. Fyrst var det Timbring; so vart det
Nautehan-del. Han for nord i Fjordane um Vaaren og kaupte Kyr,
og hadde dei i Heiabeite um Sumaren; so laag han i Byn
um Hausten og slagta og selde. Um Vintrane dreiv han
dertil med Sildesalting. Sidan vart han Timberhandlar.
Han for paa «Austlande» — Mandals- og
Kristianssands-kanten — og kaupte Vea om han selde paa Jæren; det
var jamt Folk som skulde byggje der; dei gamle Husi
var ikkje fine nok, maa-vita. Süme Vintrar kaupte han
Vrak som var innkomne paa Jær-Strandi, og hogg upp
og selde ut i smaatt under Hamaren. Sidan, daa Helsa
tok til aa svikte, vart det Ferdir til Eikersund, Mandal,
Kristianssand og kvar som helst etter Doktarhjelp. Men
fraa alle sine Tiltak og alle sine Ferdir hadde han Sogur
aa fortelja; og naar han ein Vinterkveld kom, so skal
eg tru det vart huglegt hjaa oss. Daa sat eg innestengde
Ungen og høyrde paa han Farbror som det kunde vori
sjølve Snorre Sturlason.
Han hadde Sogur fraa Sjø og Land, fraa Handel og
Vandel, um Moro og Aalvor og alle Ting, og han fortalde
Vea: «Træmaterialier.»
237
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Project Runeberg, Sun Dec 10 03:51:55 2023
(aronsson)
(download)
<< Previous
Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/8-1944/0239.html