- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VIII. For seint ute. Kolbotnbrev. Knudaheibrev. Ei finneferd /
238

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

so ein kjende at han var med i Sogune sine. Aldri veit
noko Menneskje kva Hjelp slik ein Sogumann kann vera
for eit Barn; fraa desse Aari av vart eg reint serskilt
glad i ’n Farbror. Han var i vaart avstengde og
innestengde Hus sjølve den livande Verdi som braut inn
med sitt Liv og sitt Spél; og fyrst og fremst var han
det gamle Jæren og det gamle Garborg. Med sine Sogur
og sitt klaare kloke Vit gjorde han meir til aa halde
meg hugfrisk enn eg skyna den Gongen.

Hjelp hadde eg stundom av Arbeidsfolki vaare au;
ein av desse, han Gabriel paa Bergj’e, ein stød og greid
«Austlending» (Dalabue), hjelpte oss mykje i dei myrke
Aari, og ikkje minst i dei siste og myrkaste; han var
med sitt gode Vit og sitt rolege Mod til Studnad for oss
alle. So var det umflakkande Handverkarar og andre
meir og mindre farande Folk som beintfram eller
um-veges vart Skulemeistrar for meg. Det var vel ikkje
alltid so sætande, det dei lærde meg; men betre enn
inginting var det daa visst. Min fyrste Professor i
europæisk Literatur var ein umvankande Skræddar; han
fortalde meg serleg um Greiven av Monte-Christo; den
Sogo stod so høgt yvi alt det dei her laga ihop og gav
ut, at me berre fekk tvibøygje oss og knefalle. Ein
Ry-fylking som arbeidde hjaa oss ei Stund, men laut røme
daa han hadde stoli Pengeboki hans Farbbror, fortalde
meg um Eimbaatar og Luftbalönar og Gjest Baardsen og
ymist rart; og ein gamall Svenske som for her framum
ender og Gong, og daa gjerne fekk Hus med Natti hjaa
oss, kunde koma inn paa Sogur um tolvte Karl eller
fjerde Gustav; og stundom fortalde han um Prins
Kristian August og den braae Banen som han fekk. So var
det Fante-Thomas som uppbygde meg med Guds
For-underlegheitir i Naturens Bok, eller med Bilæte av den
Planken som heiter Verdi, og elles med mange Begrep,

238

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:51:55 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/8-1944/0240.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free