Full resolution (JPEG)
- On this page / på denna sida
- Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Aspekter og Anskuelsar. Lærarane mine er i det heile
fleire enn eg hugsar eller veit; Takk have dei alle!
*
Men i det heile var det stilt i Huse, og myrkt. Mest
laut eg liva paa mine eigne Draumar.
Og deim livde eg paa. Stasa deim til og tøygde deim
ut og gjorde deim um att og um att so dei varde mest
æveleg. Det var ikkje vanlege Bai nedraumar; det vart
Sjukdom. Og ei Magt kunde dette Draumetulle faa, so
eg stundom heiltupp gløymde Røyndomslive. Eit Døme
kann eg fortelja.
Det var i Slaatten; ein Høyvérsdag; eg var med og
snudde. Men Hovude var fullt av ei Draumsogu, og
Arbeide gjekk traadt. Svært traadt. Dette kjende eg. Men
Draumen hadde Magti; eg vakna ikkje. Tok paa Resten
upp Riva og vilde kvetja (bryne) ho; trudde det var
Ljaaen eg stod med, og at den ikkje beit; for noko laut
det vera som var i Vegen. Fomla eit Bil med dette, men
fekk ikkje Greide paa det. Daa var det han Farbror;
han var med i Høye den Dagen og kom til aa sjaa paa
meg. Stod og stirde eit Grand; skyna kje dette; vart
mest rædd; det kom som ei Bivring i Mæle hans: «er
der noko i Vegen, Aadne?» Eg vakna og vart sjølv
mest rædd; hugsar ikkje lenger korleis eg vreid meg
fraa det.
So reint kunde eg drøyme meg burt. Var det ei Sogu
eg høyrde og lika, laga eg ho um og stelte ho til og
gjorde meg sjølv til Hovudmann i ho, kor urimeleg ho
var; ja etterkvart laga eg meg ei Livssogu av kvart det
Paafund som i meg upp kunde koma. Desse Sogune
enda alltid upp-i ei Ørske-Høgd; eg vart Konge, Keisar,
Pave, Lyktemann og kva som helst; og ho vesle Serina
hans Sven vart Dronning, Pave-Dronning med, naar det
239
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Project Runeberg, Sun Dec 10 03:51:55 2023
(aronsson)
(download)
<< Previous
Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/8-1944/0241.html