Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
rarskule paa Thime. Sidan tok eg det eg kunde faa med
av Kyrkja elles; desverre var Stolen vaar No. 4 fraa
Kordøri og dermed altfor langt framme, so det var
mykje eg ikkje kunde sjaa.
Men eg hev sét meir enn ventande skulde vera. Eg
kjende til Slutt mest heile Sokni. Enno hugsar eg
serskilt Lensmann Mossige, og Per Mossige, og Ola Aarest,
og — ja det vart mange, skulde eg rekne deim upp:
Av Lemmane greidde eg den paa vinstre Handi, der den
meste vaksne Ungdomen sat; der hadde eg alltid mykje
aa sjaa etter. Kvinnfolk-Sida ned-paa Golve hadde eg
meir Møde enn Moro av; ikkje kjende eg mange der, og
dei eg kjende kunde eg knapt taka att, naar dei sat der
kyrkjeklædde i Snipp og Huve. Daa vart Hovudi so
lange og smale, og Andliti so smale og bleike at dei ofte
vart reint ulike seg; det var jamvel stundom berre so
vidt eg kjende att Mor mi. Dei gjekk med Snipp
Gjen-tune au, det fyrste eg minnest; men han vart avlagd
meir og meir, og kom burt paa Resten.
Mest Moro var det aa sjaa paa dei gamle Mennane.
Sume var høge og strake og heilt-upp vene. Men mange
var smaae og rare og krokute, med snaude store Skallar
og kvitt eller kvitflekkut Skjegg, og løglege smaae
Nasar med Vortur og Haarflisur, eller med smaae
Haar-dottar som tøygde seg fram or Nasebori liksom Bustir;
og Andlit med utrulege Rukkur og Valkar; og Augo
smaae og gule eller store og raud-aarute. Dei sovna ofte,
desse Gamlingane, naar Presten kom noko ut i Preika,
og kunde daa stundom vera reint løglege aa sjaa paa.
Presten Gunnerus, eller Gunnerius som Folk sagde,
var av den kjende Gunnerus-Ætti. I Grunnen var det
ein snild Mann, um han elles var noko «hastig» av seg;
det gjekk endaa Sogur um, at han i yngre Dagar hadde
paa Resten: til Slutt.
250
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>