Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
teki paa Folk og banka deim upp, naar Sinne fekk Magti.
Det skulde ikkje vera noko Hovud paa Gunnerus vidare;
dermed hadde han loti taka Prestevegen, endaa han ikkje
kunde tala reint. Men dette med Ma>le hans, det gjorde
kje noko vidare. Folk klaga nok yvi at han ikkje kunde
messe. Men Vaarherre hadde gjevi oss Gunnerus, og so
fekk me vera fornøgde med Gunnerus. Vilde ein høyre
Messe, kunde ein fara til Nærbø eller Klepp. I
Klepps-Kyrkja fekk ein dertil høyre serskild god Preike; Presten
der, Presten Moses, tala so vent. Det var elles lengi
fyrr eg kom dit; han Far meinte me skulde halde oss til
vaar «egen Forsamling», og ikkje flakke um «ettersom
Øyra klaadde». Eg fekk likevel høyre Moses nokre
Gongir; og eg maatte segja han var framifraa. Det lette
rike Bass-Mæle hans hugsar eg enno. Av Preikune kjem
eg i Hug nokre Ord som han ofte kom att med og fekk
til aa klinge serskilt vent, helst i Enden av Setningar:
«i Upprigtighed og i Sandhed»; Orde «op» uttala han
med opin u. Det var storfagert; eg vart reint tekin med.
Elles heldt Folke seg til Lækprestane, naar det var
Orde dei vilde høyre. Og betre og betre kom Folke til
Lags med Gunnerus; dette kom vel og mykje av at han
hadde slik ei snild og folkeleg Frue. Gunnerus var Prest
paa Lye alt til han døydde; det er den siste Presten som
er gravlagd ved Thime-Kyrkja.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>