- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VIII. For seint ute. Kolbotnbrev. Knudaheibrev. Ei finneferd /
252

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Stoppels. Hadde du kje ’n Aasmund Vinje aa trøyste
deg med, so kom du til aa hengje deg tvert upp, trur du.

Kva skal eg segja ? Der er vel altfor mykje i det, veit
eg. Men du fær trøyste deg. Dei er kje stort gladare i
sjølve det glade Paris no, dei som skriv. Ein av dei
nyaste der skal jamvel ha sagt, at kann han kje med si
næste Bok faa minst tie av high-life-Lesarane sine til aa
kölrøykje seg ihel, so vil han kje skrive meir; gjev han
heldt Ord. Kvar Devel vil hava sin Maanad, som du
veit; ein fær taka det med Tol og suge paa Labben. Les
Vinje naar det vert for stridt; og lat elles Verdi surre!

Med meg er det betre no. Eg tok meg ein Svelg Opium
her ein Kveld; tenkte som so: breste eller bera! Tri
Dagar sov eg etter det; og dermed er den verste Suttr-

og-Sorg yvistridd for denne Gongen, trur eg.–

*



l"/5

— — Det vart Skifte med Skulen i vaare Bygdir
med; i Staden for Umgangsskulen i Heimane fekk me
Pulteskulen i ei serskild Skulestogu, der det ikkje var
noko som minnte um Heim. Det var Tingstogo paa
Mossige me fekk; Ingjebrett var vortin Lensmann i
Høyland. Eit høgt, stort Rom var denne Stogo, med
By-Vindaugo paa den eine Sida og inkje Vindaugo paa den
andre; framandslegt var her; men framandt var fint.
«Kateder» (Lærarstol) hadde me kje enno, og
Skulepultane var umaala; men det store hadde me, at me
skulde ikkje vera heime lenger. Og det lika me; no hadde
me det mest som Skuleborni i Byn.

Dei Skulemeistrane me heretter fekk lagde au Heimen
fraa seg for det meste, so i Skulen daa; det hjelpte oss
lite at dei var her fraa Bygdine alle. Ja eg fær bruka
det store Orde «alle»; dei tok til aa flytja og flakke som

252

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:51:55 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/8-1944/0254.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free