Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
andre Embættsmænnar no, og var vel nøydde til det,
naar dei skulde slaa seg fraa Jordbruksarbeide, som dei
fleste av deim skulde.
Og um me endaa ikkje visste det so klaart som det
sidan hev vori sagt i sjølve Stortinge, so kjende me det
paa oss: det me her skulde lære var aa. bli Krambugutar.
Berre dei som ikkje kunde naa so høgt fekk gaa heime
og slite paa Bondegardane, — um dei ikkje kunde koma
til Amerika daa.
Eg hugsar endaa at me samtala um dette, me tvo som
sat øvst paa Mossige-Skulen; — for Snobbeskapen i
Ære: dei «beste» skulde sitja øvst. «Dei beste« heldt
daa au sjølvsagt ihop mot dei mindre «gode». Eg for
min Part. visste ikkje enno kva Veg eg vilde gaa. Men
eg visste at Garden vilde eg segja fraa meg. Med No. 2
var derimot alt greidt: han vilde paa Krambu. Dei
«andre» tala eg ikkje so djupt med. Det var forunderlegt:
me vart heilt-upp framande for kvarandre paa denne
nye Skulen. Og Læraren vart framand han med. Eg
hugsar serleg dette um ein av deim som me lika best, og
som ikkje minst eg var glad i; han var snild som Dagen
var lang; men um det hadde vori Son til Presten kunde
han ikkje vori meir framandsleg for oss enn denne vart,
daa han hadde vori paa Lærarskulen. Og endaa var han
Bondegut som me, og fraa ein av dei næmaste
Grannegardane.
Framande og storvorne vart me daa sjølve med, kann
du vita. Naar me kom heim ut-ikring Non — «ut paa
Ettermiddagen» som det no vart —, vilde ho Mor gjerne
hava eit Grand Hjelp av oss, som ho elles var van med,
og som ho turvte vel. Eller han Far sagde oss eitkvart
fyri. Noko vidare Arbeid var det aldri; dei visste snart
at Skulen hadde meir aa segja yvi Krambugutane, skulde
bli, enn Heimen; men dei tenkte me kunde alltid hjelpe
253
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>