Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
til med eitkvart smaatt. Hja; nei sagde me vel ikkje.
Me fekk drygje til me vart store med det. Men gode aa
beda var me ikkje heller. Me hadde so mykje sjølve aa
gjera no, maa-tru. Skulen hadde større Krav paa oss
enn Heimen. Dertil var det dei gode Skuleklædi; me
kunde daa kje gaa i Fjos og Stall med deim ? — Skifte ?
— Ja-ja. Me fekk skifte daa. Og me gjorde det me
skulde. So knapt og so fort som Raad var. Men huglegt
gjorde me det ikkje. Og Far og Mor bad oss mindre og
mindre um Hjelp, naar dei ikkje plent var nøydde til.
Soleis studde ikkje Skulen Heimen lenger, men studde
Borni mot Heimen. Hjaa mange og stødt fleire av oss
vende Hügen seg heilt her; me gjekk meir og meir og
venta paa Konfirmasjonen, so me kunde koma «ut».
Heime; kva hadde me heime aa vera etter. Det var vel
alltid det som var betre aa brüka Live sitt til enn aa
gange og sparke i Mold og Myk paa Jæren. Dei som
ikkje dugde til anna fekk vera heime. Me andre vilde
lenger upp.
Og soleis hev Ungdomen tenkt heile Tidi sidan. Berre
dei som «ikkje dugde til anna», og so dei faae som
Folkehøgskulen sidan fekk Tak i, eller som vart tekne
av Heimetanken elles, greidde seg, heilt eller halvt.
Noko hev det au hjelpt, at Lærarane sjølve etterkvart
tok til aa skyna at dette bar gali i Veg. Mange av deim
hev stridt imot Straumen det beste dei hev kunna, og
dermed gjort Folke ei Hjelp som dei vil faa Tak fyri
naar dei ligg i si Grav. Men Straumen var for strid.
Altfor mykje av Landsens Ungdom vart rivi med og
skylt burt, til Byane og til Amerika.
Eg hev røynt nok av dette i mi eigi Ætt. Me var nie
Systken; og di lenger me gjekk i Skulen, di mindre vilde
me arbeide. Serleg vart vaart eigi Arbeid oss imot.
Berre ein av oss vart Bonde.
254
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>