Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
og han Far ikkje var med; eg sat i Torvgrindi og paa
Torvlasse dei lange Maulands- og Nylst’- og
Gudmest’-Myrane upp og ned og las «Baldurs Død» so Taarune
hagla. Nei; eg fekk nok nytte Stundine naar eg hadde
deim.
Ingemanns Romanar heldt meg vel lengst. Eg kunde
ikkje gjera deim etter, um eg stundom freista med det;
me hadde korkje Kongar eller Riddarar her. Men dei
drog meg mykje sterkare enn Gudsord nokon Gong
hadde gjort med alt sitt Himilrike. Og Danmark vart
mitt nye Fedraland, det eg elska meir enn eg nokon
Gong hadde elska Judæa.
Men Øhlenschlæger lærde meg jamvel aa elske
«Norge». Ja han gjorde meg til «Asa»-Dyrkar. Odin og
Thor, og Freya med, danske og vene og milde som dei
under hans Hendar vart, livna upp for meg, so eg i
Draumane mine bygde Altar og planta Lundar for deim.
Og i Dranm-Sogur som eg laga tok dei Bønir og Blot
av meg, og viste seg for meg, og lova meg Herredom
yvi alt Norges Rige.
Hjelp og Rettleiding med Bok-Laani hadde eg ei Tid
av Torkell Mauland, som sjølv laante meg mang ei god
Bok. Han las Boksogu i dei Aari, og gav meg Raadir
og skreiv upp Bok-Namn; gjorde i det heile at det ikkje
vart berre Vill-Lesnad med meg. Men endaa vart det
Vill-Lesnad nok. Det eg skulde hava var ikkje alltid aa
faa; og so fekk eg anna i Staden, Romanar og kva som
helst, stundom Ting som eg i den Alderen ikkje kunde
greide. Det hjelpte lite um det var «gode Namn»; eg
hugsar eg stræva med Goethe, Shakespeare, jamvel
Dante. Men kom ingin Veg med deim; dei var meg for
høge og for tunge. Dantes «Guddomssong» (Divina
Commedia) i dansk Umskrift stræva eg serleg med; baade
lokka Titelen meg, og eg hadde lesi eller høyrt, at denne
256
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>