Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Boki skulde vera noko serskilt. Men eg greidde ho ikkje.
Halvannan Song sleit eg meg igjenom, trur eg; so gav
eg upp; det fekk «vera til eg vart stor». Sidan hev eg
daa kunna lesa Goethe paa Tyskt og Shakespeare paa
Engelskt; men Dante — honom fær eg nok likevel til
Slutt lesa i Umsetnad. Ein er ikkje fullvaksin fyrr ein
hev lesi og eigna til seg dei store, dei som hev sét
djupast ned i Grunnane og høgast upp mot Høgdi; det
lærer ein snart aa sjaa.
Elles las eg det eg fekk og tok det som det gjekk.
Det var mangt Slag og alt Slag, Dikt og Uppdikting,
Gudesogur og Gatesogur, Aleksander Dumas og Tusund
og ei Natt; men det eg lagde Merke til, og freista aa
faa som eit Samanheng i, var det som eg las etter
Upp-skriftine av Mauland. Etterkvart fekk eg daa
Kjennskap til det meste av den danske Bokheimen fraa
Holberg av og ned-yvi til vaar Tid, og til den norskdanske
fraa Maurits Hansen til Bjørnson og Ibsen. Litegrand
norsk Lesnad fekk eg au Tak paa hjaa Mauland; og siimt
av den norske Bokheimen, serleg dei fyrste Bøkane av
Kristofer Janson, lika eg so godt, at eg kom inn paa
ville Draumar um korleis eg til Slutt sjølv vart den som
fekk innført norskt Bokmaal i Norig.
Men etterkvart fekk Ibsen Magti, som eg visst fyrr
hev fortalt.’ «Brand» og «Peer Gynt» gjorde meg galin,
endaa det sjølvsagt var lengi fyrr eg fekk noko vidare
Vit paa deim. Torkell Mauland gjorde stundom Narr av
denne Ibsen-Ørska mi; men det hjelpte ikkje.
I Aari kringum Konfirmasjonen samla Draumane
mine seg meir og meir um det som daa var det gildaste
i Lande: eg vilde vera Diktar. Ikkje nokon Kingo
lenger; kven brydde seg um Kingo. Nei; rett Diktar. Og
no vart det Ibsen eg hermde. Han raadde meg til dess
eg vart so vidt vaksin at eg saag kva det galdt, um eg
257
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>