- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VIII. For seint ute. Kolbotnbrev. Knudaheibrev. Ei finneferd /
258

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

skulde bli anna enn Etterskrivar: aa finne meg sjølv og
det som var mitt.

*



Konfirmasjonen kom. Med sine Sutir.

Eg hadde stræva med aa hugvende meg so ofte og so
vel, at eg visste kor lite det nytta. I det heile var det
faafengt aa «vilja» umvende seg. Me kunde ikkje vilja
noko godt. Me var vonde og vilde det vonde. Berre
Gud kunde hjelpe her. Men so laut ein og vente paa
Guds Time. Det fanst ikkje onnor Raad. At eg skulde
lova meg til Gud no, det fekk dei svara fyri som tvinga
meg til det.

Segja Sanningi til deim? — Til ’n Far torde eg ikkje
segja Sanningi. Og til ho Mor... ja ho vilde staa likso
raadlaus som eg. Dessutan. Dei hadde Lovi yvi seg, dei
med. Vilde ein gjera det rette her, so var det Tukthuse.
Her var Inkje aa gjera.

Eg laag og tenkte yvi dette endaa ein Gong, Natti
fyrr eg skulde aat Kyrkja.

Forunderlegt med denne Konfirmasjonen. Det var
korkje Gudsböd eller Apostelbod; berre eit
Prestepaa-fund. Men desse stakkars Foreldri, som vel svært godt
visste, for det meste daa, at dei sjølve den Gongen hadde
logi for Gud, — dei var sidan so serskilt uppsette paa
aa drive Borni sine ut i den same Lygni. Og
Konfirmasjonen kom nettupp i den Tidi daa Ungdomen tok til og
ein hadde so reint for mykje anna aa tenkje paa. Plent
i same Stundi som det verdslege kom veltande inn-yvi
ein stakkars Ungdom med all si Magt anten so han vilde
eller ei, Framtankar av tusund Slag, og Giftetankar, og
allting. Eg hugsar eg tala beintfram til Vaarherre um
dette. Beintfram og aalvorsamt som til ein Far, naar ein
veit at det er ein rimeleg Far, som ikkje vil anna enn
det som vitugt og rett er. Han fekk hjelpe meg naar

258

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:51:55 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/8-1944/0260.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free