- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VIII. For seint ute. Kolbotnbrev. Knudaheibrev. Ei finneferd /
259

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

hans Tid kom. Det eg i Morgo 3kulde lova vilde han
taka for det det var: ein Tvangslovnad. Og han vilde
ikkje lata meg lide for det at eg var nøydd til aa ljuge.

Dagen etter vart eg i desse Tankane konfirmera. Eg
svara ja med det løynlege Skil-Orde: naar hans Tid
kjem. Eg meinte eg maatte kunna hjelpe meg soleis,
naar Magti tvinga meg til det eg ikkje sjølv vilde.

Gunnerus, snilde Presten min, hadde ingin Draum um
mi løynlege Ser-Semje med Gud. Hadde han visst kor
som stod til, — kva Raad hadde det vori for honom?
Hadde han visst anna aa gjera enn beda for meg, og
samstundes i sitt Hjarta takke meg, for di eg
barne-truskyldig og barnerædd tok Andsvare aaleine?

Vinteren etter gjekk eg paa Lærarskulen. Ikkje av
nokon Hüg til Lærar-Yrkje; eg vilde berre burt fraa
Heimen. Sidan fekk eg sjaa. Spursmaale var, um eg
var Diktar. Var eg det, so var alt greidt. Daa turvte eg
ikkje lære noko heller; ein Diktar skulde kje kunna
noko; han skulde vera Geni. Men denne Lærarprøva
kunde eg alltid taka; det var betre enn aa gaa heime
paa Garborg og høyre paa Gudsord. Lærar kunde eg au
vera so lengi, til dess eg fekk sjaa, og til dess eg var
fri Hér-Tenesta. Dette siste tenkte han Far au paa. So
det laga seg lettvint, dette.

Lærarskulen paa Thime var styrd av Klokkaren vaar,
Vellesen, og godt styrd. Men no hadde denne Skulen
siste Aare sitt. Du veit ein slik Skule kunde kje liggje
paa Lande; han maatte til Byn, so Lærarane kunde faa
liva i Kultur og Læregutane lære aa knote. No skulde
han for det fyrste til Eikersund. Me var berre fem Gu-

Skil-Ord: Betingelse. — Semje: Kontrakt.

259

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:51:55 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/8-1944/0261.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free