- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VIII. For seint ute. Kolbotnbrev. Knudaheibrev. Ei finneferd /
261

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

no kom han og eg til aa bu ihop der paa Klokkargarden.
Eg kjende fraa fyrr baade honom og Foreldri hans; og
me vart gode Vénir. Han fortalde meg mykje og mangt
baade fraa Fantelive og fraa den Bygdi der han i
seinare Tid hadde vori; og Tatermaale lærde han meg ikkje
so reint lite av. Me dryfte mange høge og djupe
Spurs-maal saman og kom godt til Lags; fraa honom hev eg
det meste av det som sidan vart til Carolus Magnus.
Me heldt ihop lengi etter me var komne ut av Skulen
au; og millom anna «blad»-skiftest me, liksom andre
plar brevskiftast. Desse «Bladi» vaare hev visst sét
rare ut. Dei var skrivne noko paa Skulemeistardanskt
og noko paa rett Fantemaal; og var det serlege
Løyndomar me hadde for oss — som t. D. Tanken um aa
røme til Sjøs, og sidan til Arabia —, so skreiv me med
Telegrafskrift. Eg var i det heile ikkje so lite
Bladstyrar i dei Aari (1865—67); eg hadde Bladskifte med
ein annan Kjenning au; um elles dette alltid var noko
mindre draumvillt; denne Kjenningen vann seg sidan
langt fram; du kjenner Namne hans, du med: Sven
Aarrestad1.’

Forunderleg urydigt hev det sét ut i Hausen min,
daa eg i Fyrstningi av mitt sekstande Aar stod mi
fyrste Lærarprøve. Skuleklokskap, Pietisme, Diktdraumar,
Fantevisdom, Ibsen og ymist anna rart laag og brautst
inn-paa Myrkelofte mitt; men med Lærarprøva gjekk
det godt; og 16 Aar gamall fekk eg «Post»; skulde med
Hovude fullt av Barnaskap og Tull vera Lærar og
Upp-fostrar.

Det maa greide seg alt.

— Men han Far hev gjengi heima og drøymt um, at

2 Draumfrie var elles ikkje me heller. Me hadde det med
aa gjeva kvarandre Titlar; eg vart mill. a. «Herr Professor»,
og han stundom «Herr Statsraad». (Merknad 1909.)

17 — Garborg VIII.

261

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:51:55 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/8-1944/0263.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free