Full resolution (JPEG)
- On this page / på denna sida
- Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
no vart eg vel fornøgd av Skulen etterkvart, so at naar
det leid paa, og eg var fri Hér-Tenesta, so vilde eg hugse
det eg vel mindre hadde tenkt paa fyrr, at eg hadde
Heim-Garden min standande.
Stakkars Far. Han hev ikkje visst, at det var andre
Tidir. Eg sat ikkje i mine Fristundir og sauma
Skinn-klæde og arbeidde Skor som han hadde gjort; eg sat og
skreiv Vers og røykte paa ei lang Pipe.
*
Det gjeng upp og ned med meg. I Dag hadde eg ei
leid Rid. Og den fær vel faa Skuldi for at eg vart «full
den syttande», som eg ikkje hev vori paa mange Aar.
Eg visste elles ikkje av at det var den syttande. Men
i Ulag var eg, og gjekk og vreid meg og spurde meg
sjølv, um eg kunde paa nokon Maate faa Ende paa denne
syrgjelege Dagen, tru. Ute regnde det og ruska og bles;
og inne — hu; inne var ingin Ting aa gjera.
So kom den frelsande Tanken: Brennevin. Kva
skulde Brennevin vera til, um ein ikkje skulde bruka
det paa ein slik Dag? Den halve Flaska eg hadde havt
med meg stod urørd (det kann vera sant, um ikkje du
trur det); likso godt sprette ho i Dag som ein annan
Dag. No er der nok ikkje Hjelp lenger i sterke Dropar.
Men naar ein ikkje veit anna aa velja millom enn ein
Dram og eit Reip ... naa; eg tok Drammen.
Han smaka vondt. Og nokon Letnad kjende eg ikkje.
So gjekk eg og vreid meg eit Bil... slog so paa meg ein
til. Det hjelpte so vidt, at eg sistpaa kunde segja som
ein Kraftkar millom Kunstnarane der inne: den tridje,
den smaka godt.
Og so tok det til aa ljosne for meg. Eg vart so modig
at eg vaaga meg paa den Bladposten som laag her sidan
igaar; og av Dagtala paa desse Bladi rekna eg ut, at
262
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Project Runeberg, Sun Dec 10 03:51:55 2023
(aronsson)
(download)
<< Previous
Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/8-1944/0264.html