Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
det i Dag maatte vera den 17de. Daa var eg so drukkin
at eg sette meg til aa skrive ei Syttandemai-Tale; vil
du ha ho, so er ho her:
«Godt Folk! Riksdagen paa Eidsvoll hadde den
danske Kronprinsen kalla inn til aa nyfeste Bande millom
Danmark og Norig, — eit Band som var aat aa losne
daa, ikkje ved norsk, men ved svensk Vilje. Denne
Riksdagen, som hadde Lov til aa gjera kva han vilde,
ettersom Danmark alltid sidan kunde faa stelt paa det som
ikkje var etter danske Ynskje — han skulde fyrst
eller sist velja danske Erveprinsen til norsk Konge;
si-dan kunde alt laga seg.
Riksdagen paa Eidsvoll gjorde det han kunde, og til
Slutt det han skulde: den danske Erveprinsen vart norsk
Konge den 17de Mai. Hadde denne nye Kongen vori
ein Kar og han dertil ikkje hadde tenkt for mykje paa
den trifelde Krona til Dronning Margrete, so kunde han,
etter all rimeleg Von, ha berga Ncrig aat
Oldenborg-Huse.
Saman med dei norskdanske og med Stormagtine, som
var berre so maateleg glade i Prins Bernadotte, gjorde
han likevel so mykje, at daa Svenskane fekk Take, kom
Norig ikkje meir under Sverig enn det hadde vori
under Danmark; d. v. s. rettsleg kom det ikkje under
Sverig. Det vart verande det det var; fekk berre nytt
Kongehus. Og dermed ein ny Øvsteherre yver Forsvaret
sitt.
I den harde Svenskerædsla Vaaren 1814 hadde dertil
dei norskdanske Embættsmennane paa Eidsvoll slegi
den gamle norske Bonderetten so tydeleg fast, at korkje
Svenskekongen eller dei sjølve sidan kunde faa døyvt ’n.
Det som vart «berga» i 1814 var daa ikkje berre det
gamle Embættsstyre — som dertil fekk ein svensk Topp
—; men Folke fekk og paa sin Kant den gamle Retten
263
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>