Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
sin fastslegin. Det einaste som ikkje vart heilt greidt i
1814 var det norske Utanriksstyre; Norig laante det
svenske til so lengi. Det som Svensken i 1814 ikkje
vann: Overmagti yvi Norig, hev han daa sidan, gjenom
Kongedøme og dette laante Utanriksstyre freista, aa
vride til seg.
Norig er soleis under dei norskdanske, og i
Utanriksstyre under Sverig. Det er ein svært kløyvd og uferdug
Fridom, den som Norig i 1814 «fekk».
Tingen er, at Fridom er noko som ein ikkje kann faa;
Fridomen må ein vinne. Og naar ein hev vunni
Fridomen maa ein lære aa bruka ’n. Denne Rakekniven
vert lagd i Hendane paa Folk som ikkje kann bruka
Rakekniv. Dei skjer seg daa tidt; og stundom vondt.
Men for kvar Gong dei skjer seg lærer dei. Og sistpaa
kann dei bruka Rakekniven. D’er ein speleg Leik; men
Fridomen er ikkje aa faa billegare.
Me hev snart arbeidt i 100 Aar no med aa vinne den
Fridomen som me i 1814 fekk Vilkaari til; kor lengi me
endaa skal arbeide for denne Fridomen veit me ikkje.
Dertil hev me norske vaar serskilde Strid, fyrr me vinn
norsk Fridom, Fridom til aa vera norske i Norigs
Land; enno hev me ikkje so mykje som Fridom for vaar
norske Tunge. Mangt er ugjort; langt, langt er det fram.
Det kraumar um Bygd og Bol av
framande Tankar og heimlaus Aand.
Bed for oss, heilag Olav!
Strid for oss, Olav Tryggvason!
Men eitt og anna Framstig er gjort, og–»
Det klaarnar! Ja daa fær eg ut og vera fri sjølv daa.
Skaal for ein betre Syttande!
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>