- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VIII. For seint ute. Kolbotnbrev. Knudaheibrev. Ei finneferd /
272

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Det for so mange dit no, maa tru, baade Gard-Ervingar
og andre; og han Aadne hadde no alltid havt denne
Hügen til Boki...

Han Far hev ikkje kunna vinne seg yvi til aa tru
dette. Han svara kje noko større; hev vel lite visst kva
som var aa gjera. Han skulde tenkje paa det, sagde han.

Ein Dag var me i Løo, han og eg, og stelte med noko
Arbeid. Daa tala han til meg. Um Framtidi mi. Men
stilt. Underleg stilt. Han hev vori rædd. Straffedomen
skulde vel no koma. Aldri hev han tala til meg som han
tala den Gongen.

Han hadde ikkje sagt mange Ordi fyrr eg kjende, at
dette var meir enn eg hadde skyna og tenkt. Men eg
kjende likso vel at snu kunde eg ikkje. Daa eg skulde
svara, sagde eg noko um, at eg trudde kje eg dugde til
Gardbrükar.

Han tagde eit Bil. So tok han til aa fortelja um sin
eigin Ungdom.

Han hadde sjølv vori Skulemeistar. Det hadde eg visst
høyrt Samanhenge med. Aldri nokon Gong hadde han
kunna tenkje paa slikt som aa gjeva upp Garborg.
Garden hadde vori hans Liv; alltid hadde han visst med
seg sjølv, at utan den kunde han ikkje trivast. Og soleis
hadde det vori med all Ungdom, so vidt som han visste
um. Naar ein hadde Heim og Gard, so gjekk ein daa
ikkje fraa den Arven, naar ein ikkje var nøydd til;
minst naar det var Odelsgard, gamall i Ætti og dertil
godt i Stand; — «for eg hev nok ikkje tenkt minst paa
deg, naar eg arbeidde med Jordi,» sagde han. Og at
Ervingen skulde koma paa sovori som dette hadde han
aldri tenkt; ikkje kunde han tru det var Aalvor heller.
Eg var daa so vidt tilkomin Kar og skyna so mykje, at
ein slik Gard ikkje var burtkastande, og det berre um

tilkomin (jærsk): «udviklet»; «moden».

272

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:51:55 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/8-1944/0274.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free